Angelo Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angelo Taylor


Statsborgarskap USA
Fødd 29. desember 1978 (45 år)
Albany
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Angelo Taylor (fødd 29. desember 1978) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Albany i delstaten Georgia. Han vart olympisk meister på 400 meter hekk både i 2000 og 2008, og vann dessutan gullmedaljar i 4 x 400 meter stafett under OL 2008 og friidretts-VM 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I sitt fyrste verdsmeisterskap i Sevilla sprang Taylor i 1999 den tredje etappen på USA sitt lag som vann 4 x 400 m stafett, for så, fleire år seinare, å verte frådømd gullmedaljane då det vart kjent at Jerome Young var dopa. Taylor var favoritt på 400 meter hekk under OL 2000 i Sydney, og vann ein spennande finale med fattige tre hundredels sekund margin til nestemann.

Dei neste sesongane nådde ikkje Taylor opp mot sitt tidlegare toppnivå, mykje grunna skadeproblem. Fyrst under VM 2007 i Osaka makta han å ta seg til finale, då på 400 meter flatt. Han tok bronsemedaljen på distansen, og han sprang ein etappe på USA sitt vinnarlag i 4 x 400 m stafett. Også under Sommar-OL 2008 i Beijing vann han gull med USA sitt lag på den lange stafetten, men før så langt kom, vann han sitt andre OL-gull på 400 meter hekk på suverent vis. Med vinnartida 47,25 var han langt føre landsmennene Kerron Clement og Bershawn Jackson som tok dei andre medaljane på tidene 47,98 og 48,06.

Både i VM 2011 og OL 2012 tok Taylor seg til finale i 400 m hekk, utan å kunne vinne medalje i korkje. Derimot vann han gull i 4 x 400 m stafett i Daegu-VM i 2011 og sølv i same øvinga under London-OL 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1999 i Sevilla: Frådømd gull i 4 x 400 m stafett
  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 400 m hekk – 47,50, framom Hadi Soua'an Al-Somaily (47,53)
  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (nr 12 – 49,23)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (nr 13 – 48,72)
  • VM 2007 i Osaka: Bronse på 400 meter – 44,32, gull på 4 x 400 m stafett
  • OL 2008 i Beijing: Gull på 400 m hekk – 47,25, og 4 x 400 m stafett
  • VM 2011 i Daegu: Gull på 4 x 400 m stafett, nr 7 i 400 m hekk – 49,31
  • OL 2012 i London: Sølv på 4 x 400 m stafett, nr 5 på 400 m hekk – 48,25

Kjelder[endre | endre wikiteksten]