Anita Wachter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anita Wachter
Anita Wachter Semmering 1996.jpg
Fødd 12. februar 1967
Bartholomäberg
Yrke alpinist
Anita Wachter på Commons

Anita Wachter (fødd 12. februar 1967) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Bartholomäberg i Vorarlberg som vann verdscupen i alpine greiner 1993 og vart olympisk meister i kombinasjon i 1988. Ho vann til saman åtte meisterskaps-medaljar i tida 1988-99, tre av medaljane kom i yndlingsgreina storslalåm, fire i kombinasjon og eitt i slalåm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 1985 vart Wachter junior-verdsmeister i både slalåm og storslalåm. I november 1987 fekk ho sitt gjennombrot då ho vann sin fyrste verdscupsiger i slalåm i Courmayeur. Mindre enn tre månader seinare, i februar 1988, vart ho olympisk meister i kombinasjonen under Vinter-OL 1988 i Calgary.

I 1990-sesongen vart Wachter nummer to i verdscupen i alpine greiner 1990 og sigra i kampen om FIS-pokalen i storslalåm. Ved VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm oppnådde ho ein bronsemedalje i super-G, medan ho i februar 1992 vann sølvmedaljar både i storslalåm og i kombinasjon under dei olympiske vinterleikane i Albertville.

Wachter gjekk heilt til topps i verdscupen i alpine greiner 1993. Ho sikra seg elles ein sølvmedalje i storslalåm og ein bronsemedalje i kombinasjonen ved VM i alpine greiner 1993 i japanske Morioka. Ho vart det året vald til årets kvinnelege idrettsutøvar i Austerrike for 1993.

OL-sesongen 1994 vann Wachter for andre gong FIS-pokalen for storslalåm, men måtte nøye seg med ein fjerdeplass i øvinga under Vinter-OL 1994Lillehammer. To år seinare sikra ho seg ein sølvmedalje i kombinasjonen ved alpin-VM 1996 i Sierra Nevada i Spania.

I januar 1998 fall Wachter stygt i eit super-G-renn i Cortina d'Ampezzo og pådrog seg store skadar i høgre kne. Ho kom likevel sterkt tilbake i 1999-sesongen med fire sigrar i storslalåm i verdscupen. Ved alpin-VM 1999 i Vail i Colorado tok ho bronsemedaljen i storslalåm-tevlinga. Wachter vann storslalåmrennet i Lienz den 28. desember 1999. Det var hennar 19. og siste rennsiger i verdscupen og hennar 75. pallplass. Ho la opp etter ein lite minnerik 2001-sesong.

Wachter lever i familie med den tidlegare skirennaren Rainer Salzgeber.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar