Anna Haag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Haag


Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. juni 1986 (37 år)
Köping i Västmanland
Idrett langrenn
Tok del i

Langrenn under Vinter-OL 2014 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 15 kilometer jaktstart kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2010 – Lagsprint kvinner, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017

Anna Margret Haag, til 2008 Anna Margret Hansson, (fødd 1. juni 1986) er ein svensk tidlegare langrennar frå Köping, oppvaksen i Mora. Ho vann i tida 2009-18 OL-gull, seks VM-/OL-sølv og ein VM-bronse.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Haag fekk si fyrste internasjonale medalje, ein bronse, med Sveriges lag i 4 x 5 km stafett ved Ski-VM 2009 i Liberec. Ho tok steget opp i verdstoppen den 21. november 2009, då ho kom på tredjeplassen i ei verdscuptevling i 10 km fristil. Ein månad seinare vart ho på ny nummer tre i eit verdscuprenn, ved det høvet i 15 km klassisk stil. I sin OL-debut, 10 kilometer fristil i Vancouver 2010, kom ho på fjerdeplass. Fire dagar etter tok ho si fyrste OL-medalje då ho gjekk i mål som nummer to i dobbelstarten, einast slått av norske Marit Bjørgen. Seinare i leikane tok Haag endå ein sølvmedalje, saman med Charlotte Kalla på lagsprinten.

Anna Haag i 2013

Under Tour de Ski 2010/11 vann Haag ein etappe i 5+5 km dobbelstart. Saman med Ida Ingemarsdotter, Britta Johansson Norgren og Charlotte Kalla danna ho det svenske stafettlaget som under Ski-VM 2011 i Holmenkollen tok sølv på 4 × 5 km. To år seinare kopierte Haag og lagkameratane stafett-prestasjonen i Oslo og tok eitt nytt sølv ved VM i Val di Fiemme. Og vinteren etter vart Haag olympisk meister då Sverige vann 4 x 5 km stafett under dei olympiske vinterleikane 2014 i Sotsji. Både i Ski-VM 2013 og OL 2014 stilte Sverige med Ida Ingemarsdotter, Emma Wikén, Anna Haag og Charlotte Kalla. Under verdsmeisterskapen 2017 i Lahti vann Haag sitt tredje VM-sølv i 4 x 5 km stafett. Også ved Vinter-OL 2018 i Pyeongchang var ho med om å vinne ein sølvmedalje i 4 x 5 km stafett.

Haag vart svensk meister 2010 i 15 km dobbelstart og 2011 i 10 km klassisk stil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]