Lahtis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lahti)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lahtis (finsk Lahti) er ein finsk by som ligg ved sørenden av Vesijärvi i landskapet Päijänne-Tavastland. Lahtis har omtrent 100 000 innbyggjarar, og er den sjuande største byen i Finland og det femte største byområdet.

Lahtis by
Lahtis sitt byvåpen
ByLahtis
Grunnlagd1905
LänSödra Finlands län
LandskapPäijänne-Tavastland
Flatemål
 - Til saman
 - Landområde
 - Vatn

154,51 km²
134,95 km²
19,56 km²
Folketal
Tettleik
98 349 (Januar 2005)
728/km²

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

  • Røysteprosent i kommunevalet år 2004: 53.0 %.
  • Skatteprosent 18,25
  • Arbeidsløyse august 2004 14,8%
  • Største bransjar: tenesteytande næring 70 %, industri 21 % og bygging 7 %.
  • Høgd over havet: 103 m ved jarnvegsstasjonen
  • Lahtis sin visjon: «Lahtis er eit internasjonalt senter for kvalitet, design og miljøkunnskap, som har innbyggjarar som er nøgde med seg sjølve og byen sin.»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar viser at det i Lahtis-området har vore busetnad allereie for 9000 år sidan, noko som gjer Lahtis til den eldste kjende buplassen i Finland. Den fyrste gongen Lahtis er nemnd i historiske kjelder, er i 1445. Lahtis var likevel ein liten landsby i Hollola heilt til jarnbana mellom Riihimäki og St. Petersburg vart opna i 1870. Med jarnbana starta Lahtis utviklinga til by.

Lahtis fekk handelsstadsrettar i 1877 frå den russiske keisaren og vart ein eigen by, skild frå Hollola, i november 1905. Byplanen vart lagd i 1878, og denne byplanen dannar framleis grunnlaget for sentrum i Lahtis.

I 1918 vart det samla opp raudegardistar frå den finske borgarkrigen i ein park (Fellmanin puisto i sentrum av Lahtis, og mange av dei vart avretta. I 1978 vart det avduka eit stort minnesmerke over desse raudegardistane. Dette var eit av dei fyrste minnesmerka over dei raude som i det heile vart reist i Finland.

I 1918 grunnla Asko Avonius Asko-møbelfabrikken, og Lahtis vart kjend som ein by for møbelfabrikantar (dei har også Ålesund som norsk vennskapsby). I tillegg til Asko gjeld dette kjende merke som Isku og Sotka. Metallindustri i Lahtis er m.a. komfyrprodusenten Upo og ein produsent av maskinar for skogsindustrien, Raute.

Lahtis hadde ein kraftig vekstperiode etter andre verdskrigen, då det på grunn av den sovjetiske okkupasjonen av Det karelske neset i vinterkrigen og den finske framhaldskrigen vart evakuert ca. 300 000 menneske. Dei aller fleste av innbyggjarane i Viborg kom til Lahtis. Ein ny vekstperiode kom med sentraliseringa på 1960- og 70-talet, då dei store årskulla frå etterkrigsåra flytte til byane, også til Lahtis. Denne veksten vart stoppa av depresjonen i 1975/1976 som kom som eit resultat av den fyrste oljekrisa. Dei store arbeidsgjevarane sette inn tiltak for effektivisering og strukturrasjonalisering, og folketalet kunne ikkje lenger auke som resultat av arbeidskraftsinnvandring.

Ein viktig del av Lahtis sitt sjølvbilete har vore vintersportsbyen Lahtis. Terrenget rundt Lahtis er etter finske forhold relativt kupert, på grunn av Salpausselkä, den store moreneryggen som går i aust-vestleg retning gjennom heile Sør-Finland. Kombinasjonen av hoppbakkar, skiløyper i eit variert terreng og eit slalåmsentrum har gjort Lahtis til ein vintersportstad. Lahtis har arrangert VM på ski seks gonger, i 1926, 1938, 1958, 1978, 1989 og 2001. Det siste arrangementet vart stygt skjemt av ein dopingskandale, der det viste seg at store delar av arrangørnasjonen sitt landslag hadde brukt dopingmiddel.

På 1980-talet marknadsførte Lahtis seg sjølv som "Lahti the Business City", til og med byorkesteret fekk nytt namn, Business City Orchestra, heilt til dei fann ut at namnet ikkje passa til klassisk musikk, og orkesteret fekk namnet Lahti Sinfonia. Lahtis satsa elles på kultur i denne perioden og bygde teaterhus, lensbibliotek, og eit kombinert AOF-senter og universitetsutdanningssenter ikkje langt unna biblioteket og teateret. I tillegg bygde byen universitets- og utviklingssenteret Neopoli og konserthuset Sibeliustalo ved breidda av sjøen Vesijärvi.

Depresjonen på 1990-talet[endre | endre wikiteksten]

Heilt sidan depresjonen tidleg på 1990-talet har Lahtis vore plaga av stor arbeidsløyse. Ein tredel av dei arbeidslause, ca. 2500 menneske, er langtidsledige. I drabantbyane er marginalisering og rusbruk ein del av kvardagen. Staten har dei siste åra prøvd å hjelpe Lahtis med målretta økonomisk støtte: Lahtis har fått ny motorveg til Helsingfors, det har vorte satsa på Lahtisspelen, på Sibeliushuset, og spesielt på Kervo-Lahtis-jarnbana.

Den fyrste finske jarnbana gjekk frå Helsingfors til Riihimäki. Seinare vart jarnbana austover mot St. Petersburg bygd frå Riihimäki, dvs. ein stor omveg, samanlikna med å dra meir austover. På 1990-talet avgjorde staten å byggje ei ny jarnbane, direkte frå Kervo til Lahtis. Den nye jarnbana, som vil stå ferdig i 2006, og som er rekna til å koste 331 millionar euro, kjem til å korte reisetida mellom Helsingfors og Lahtis monaleg, og i praksis gjere Lahtis til ein del av Helsingforsregionen. Verknaden av denne jarnbana er allereie synleg i bustadprisane i Lahtis.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Lahtis er kjend som skisportsmetropol, for Lahtisspelen, fi. Salpausselän kisat, etter moreneryggen Salpausselkä, som går gjennom Lahtis, og som gjev opphav til eit kupert løypeterreng og åsar nok til å bygge store hoppbakkar.

Idrettsforeiningar[endre | endre wikiteksten]

Kjende idrettsforeiningar frå Lahtis er m.a.


Kultuur[endre | endre wikiteksten]

WLAN-prosjektet har som mål at heile Lahtis sentrum og Salpausselkä stadion skal utgjere eit ope trådlaust nett, tilgjengeleg for alle (engl. open access wirelessa local area network).

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Nedanfor kjem ei liste over Lahtis sine venskapsbyar.

Venskapsbysambandet med Västerås kjem av det faktum at Västerås gav Lahtis hjelp etter vinterkrigen. Venskapsbyane i Norden er del av det nordiske samarbeidet, og dei i Aust-Europa del av nøytralitetspolitikken etter krigen. Dei siste venskapsbyane kjem av Lahtis sin EU-politikk og av Lahtis sin næringslivspolitikk i Asia.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Bydelane i Lahtis er:

Ahtiala Kärpänen Hennala
Laune Jalkaranta Mukkula
Jokimaa Myllypohja Järvenpää
Möysä Kartano Niemi
Kasakkamäki Nikkilä Kerinkallio
Okeroinen Keski-Lahti Paavola
Kilpiäinen Pesäkallio Kiveriö
Pirttiharju Kivimaa Renkomäki
Koiskala Riihelä Kolava
Salpausselkä Kujala Sopenkorpi
Kunnas Viuha Kytölä
Ämmälä


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]