Anna Maria Ehrenstrahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anna Maria Ehrenstrahl
Anna Maria Ehrenstrahl.jpg
Fødd 4. september 1666
Stockholm
Død

22. oktober 1729
Tyska S:ta Gertruds församling

Sjanger portrettmåleri
Yrke kunstmålar

Anna Maria Ehrenstrahl (4. september 166622. oktober 1729)[1][2] var ein svensk målar under barokken. Ho var dotter av David Klöcker Ehrenstrahl, og måla som han allegoriar, portrett og gruppeportrett.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Anna Maria Ehrenstrahl var fødd i Stockholm som dotter av David Klöcker Ehrenstrahl[3] og Maria Momma.[2]

Ho fekk undervising i målarkunst av far sin, og arbeidde tidleg som assistent i verkstaden hans, ved å måla detaljer på måleria hans. Han gav henne også ateliéroppdrag.[1] Ho laga ei rekkje kopiar av verka hans. I samtida var kopiering av kunst ei høvesvis respektert og lukrativ kunstform.[1]

Anna Maria Ehrenstrahl gifta seg i 1688 med Johan Wattrang (1652–1724), visepresident i Svea hovrätt.[2] Giftarmålet gjorde at ho ikkje trengde å måla for å forsørga seg, men ho fortsette likevel å vera verksam som kunstnar heile livet. Ho tok tidvis også imot oppdrag mot beatling.[1] Ho verker ha vore ein respektert kunstnar i samtida.[1]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Mykje av kunsten som er bevart etter Ehrenstahl er kopiar av faren sine verk, blant dei eit portrett av Karl XI. Ein kjenner også til ein allegori av dei fyra årstidene frå 1687, eit gruppeportrett, Amor og Psyche, eit barneportrett av prins Ulrik (1685), portrett av Ulrika Eleonora av Danmark og Amalia Königsmarck og ulike gouachemåleri av dyr. Ho laga også eit måleri av dei to prinsane Fredrik og Karl Gustaf, som døydde som småbarn.[4]

I 1717 skjenkte Anna Maria Ehrenstrahl seks måleri av tidlegare presidentar til Svea Hovrätt. Desse er signerte med hennar eige namn. I samband med gåva skreiv Sophia Elisabet Brenner eit hyllestdikt til henne, der ho omtalar begge som kvinnepionerar i kvar si kunstgrein i Sverigen:[1]

Om jag af medfödd drift för ro skull stundom rimar,
Er böjelse syns klar af edert måleri.
Fast konsten oss ibland har kostat några timar,
man kan på bättre vis ej oförgäten bli.
Lät afund grina till, lät döden skäktan spänna,
för ingendera skräms er pensel, ell’ min penna.[3]

Ehrenstrahl er representert mellom anna ved Nationalmuseum i Stockholm.[5] Ho var representert ved Föreningen Svenska Konstnärinnor si utstilling i Stockholm i 1911 med eitt av portretta sine.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Galleri

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 En mamsell i akademien. Ulrica Fredrica Pasch och 1700-talets konstvärld. av Anna Lena Lindberg, Stockholm: Signum, 2010. ISBN 978-91-86221-05-8
  2. 2,0 2,1 2,2 Anna Maria Ehrenstrahl, urn:sbl:16717, Svenskt biografiskt lexikon (art av Axel Sjöblom.), hämtad 2015-02-07.
  3. 3,0 3,1 Wilhelmina Stålberg; P. G. Berg (1864). «Ehrenstrah, Anna Maria». Anteckningar om svenska qvinnor. P.G. Berg. s. 121. Henta 1. september 2014. 
  4. Søk ved nationalmuseum.se
  5. «Nationalmuseum - Anna Maria Ehrenstrahl». collection.nationalmuseum.se. Henta 15. mai 2017. 
  6. [1]