Anna Verouli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Verouli
Statsborgarskap Hellas
Fødd 13. november 1956 (67 år)
Kavála
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Anna Verouli (fødd 13. november 1956) er ein gresk tidlegare spydkastar frå Kalava. Ho vart europameister under friidretts-EM 1982 i Aten. Midt på 1980-talet var Verouli utestengd frå friidretten i eitt år etter påvist dopingbruk.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Verouli passerte 60-metersgrensa i 1981-sesongen. Under europameisterskapen 1982 i Aten låg austtyske Antje Kempe i leiinga med 67,94 meter til femte omgangen. Då smelte Verouli til med 70,02 meter, ny personleg rekord. Med det kastet vann ho gullmedaljen framom Kempe og si eiga landskvinne Sofia Sakorafa på tredjeplass. Dei to medaljane var dei einaste medaljane som gjekk til vertslandet for meisterskapen.

Året etter, under VM i friidrett 1983 i Helsinki, vann også Tiina Lillak spydgull for vertslandet for meisterskapen. Bakom britiske Fatima Whitbread la Verouli beslag på tredjeplassen med eit bestekast på 65,72 meter, og tok dermed Hellas einaste medalje i den aller fyrste verdsmeisterskapen i friidrett.

Verouli forbetra den personlege spydrekorden til 70,90 meter i 1983 og til 72,70 meter i 1984. Under dei olympiske leikane 1984 i Los Angeles rauk ho ut i kvalifiseringa, med knapp margin, og ho testa positivt på dopingmiddelet nandrolon. Dermed vart ho diskvalifisert og deretter utestengd frå å tevle i 1985-sesongen.

I 1986 var Verouli tilbake på friidrettsbanen, og trass ho i at ho var aktiv til inn på 1990-talet, lukkast ho aldri sidan å blande seg inn i medaljestrid under dei store internasjonale meisterskapane. Hennar beste plassering var då åttandeplassen under europameisterskapen 1990 i Split.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]