Annar Ryen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annar Ryen
Ski de fond Chamonix 1937 - 4x10 km (cropped).jpg
Fødd 19. oktober 1909
Dalsbygda
Død

9. mars 1985 (75 år)
Hedmark fylke

Yrke langrennsløpar

Annar Ryen (19. oktober 19099. mars 1985) var ein norsk langrennsløpar frå Dalsbygda i Os i Østerdalen, som i 1937 vann VM-gull for Noreg på 4x10 km stafett. Han var medlem av Idrettslaget Nansen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ryen vart historisk då han i 1936 vann femmila i Lahti-spelen, noko berre finske skiløparar hadde gjort føre han. Året etter gjekk han startetappen for Noreg på 4x10 km stafett under verdsmeisterskapen på ski i Chamonix, ei tevling som enda med at Lars Bergendahl gjekk det norske laget inn til siger med tida 3.06.07, eit lite minutt føre Finland på andreplass.

Ryen vann tre sølvmedaljar i noregmeisterskap: I 1935 på 17 km, i 1939 på tremila og i 1940 på 18 km. I 1940 vart Ryen tildelt Holmenkollmedaljen, saman med Oscar Gjøslien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]