Lars Bergendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Bergendahl
Lars Bergendahl Chamonix 1937 - 2.jpg
Fødd 30. januar 1909
Sørkedalen
Død

22. juni 1997 (88 år)

Yrke langrennsløpar
Lars Bergendahl på Commons

Lars Sverre Bergendahl (30. januar 190922. juni 1997) var ein norsk langrennsløpar frå Sørkedalen i Oslo, heidersmedlem i Sørkedalens IF. Han vart verdsmeister på 18 km og i 4x10 km stafett i 1937, samt på 50 km i 1939. Skikongen Lauritz Bergendahl var farbror hans.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bergendahl vart norsk meister på 30 km i 1937. Same året gjekk han ankeretappen på det norske stafettlaget under ski-VM i Chamonix, der han slo Finlands Kalle Jalkanen. I 1938 vann Bergendahl NM-gull på 17 km då Mo Skilag arrangerte noregsmeisterskaper på ski i Mo i Rana. Under ski-VM 1938 i Lahti gjekk han Noreg inn til sølv på 4x10 km stafett, bak suveren Finland. På VM-femmila i Lahti tok han bronsemedaljen, og var einaste utlending mellom dei seks beste på distansen.

Høgdepunktet for Bergendahl kom under verdsmeisterskapen på ski 1939 i Zakopane. Her stod han for årets største norske idrettsbragd ved å vinne gullmedaljen på femmila. For den prestasjonen mottok han Morgenbladets Gullmedalje for 1939, tidlegare på året vart han tildelt Holmenkollmedaljen.

I 1951 gav Bergendahl ut boka Løypa ut av Sørkedalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]