Annemarie Moser-Pröll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annemarie Moser-Pröll
Annemarie Moser-Pröll 2011.jpg
Fødd 27. mars 1953
Kleinarl
Yrke alpinist
Annemarie Moser-Pröll på Commons

Annemarie Moser-Pröll (fødd 27. mars 1953), opphavleg Annemarie Pröll, er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Kleinarl i forbundslandet Salzburg som vann verdscupen i alpine greiner seks gongar i tida 1971-79. Ho sikra seg fire VM-gull frå 1970 til -78, og vart olympisk meister i utfor i 1980.

Pröll, gift Moser-Pröll i 1974, vann verdscupen i alpine greiner fem år på rad, 1971-75, og den sjette verdscup-pokalen i 1979. Gjennom ti år, frå 17. januar 1970 til 16. januar 1980, vann Moser-Pröll heile 62 renn i verdscupen, til 2015 meir enn nokon annan kvinne-alpinist. Flest sigrar tok ho i utfor, 36, medan ho vann 16 storslalåm-, tre slalåm- og sju kombinasjons-tevlingar.

Moser-Pröll fekk med seg ni medaljar frå dei store skimeisterskapane i åra frå 1970 til 1980. Det tok til med ein VM-bronse i utfor i 1970, og heldt fram med sølvmedaljar i både utfor og storslalåm under vinterleikane 1972 i Sapporo. Frå Sapporo fekk ho elles med seg si fyrste gullmedalje, eit VM-gull i kombinasjonen (utfor/slalåm). Ho vart verdsmeister i utfor både i 1974 og 1978, i den sistnemnde meisterskapen tok ho elles eit nytt kombinasjongull og fekk bronsemedaljen i storslalåm. I sin siste sesong, [[Alpine greiner under Vinter-OL 1980|OL-sesongen 1980, vart ho olympisk meister i utfor i Lake Placid. Moser-Pröll deltok ikkje i Vinter-OL 1976 i Innsbruck, pleia då sin dødssjuke far.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar