Annie Famose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Annie Famose
Annie Famose 1968.jpg
Fødd 16. juni 1944
Jurançon
Annie Famose på Commons

Annie Famose (fødd 16. juni 1944) er ein fransk tidlegare alpinist frå Jurançon i Pyrénées-Atlantiques. Ho vann i 1966 gullmedaljen i slalåm under verdsmeisterskapen i chilenske Portillo, og tok i alt seks medaljar i VM 1966 og OL 1968.

Famose debuterte i Vinter-OL 1964 i Innsbruck, der hennar beste prestasjon kom i storslalåm med ein femteplass. To år seinare gjorde ho sitt beste meisterskap då det i august 1966 vart arrangert i VM i Portillo i Chile. Ho vann gullmedaljen i slalåm framfor det store namnet i meisterskapen, landskvinna Marielle Goitschel. Med ein sølvmedalje i utfor og ein femteplass i storslalåm fekk Famose sølv også i kombinasjonen, bak nettopp Marielle Goitschel.

I 1967, den fyrste sesongen av verdscupen i alpine greiner, vart Famose nummer tre og vann dessutan pokalen som den beste slalåmrennaren gjennom sesongen. Ho vann to renn i verdscupen, begge i slalåm og i januar 1967.

Gjennom OL 1968 i Grenoble fekk Famose med seg tre medaljar. Ho vann OL-sølv i storslalåm, bak suverene Nancy Greene frå Canada, og fekk OL-bronse i slalåm, samt VM-bronse i kombinasjonen. I sin siste store meisterskap, Vinter-OL 1972 i Sapporo, vart ho nummer åtte i utfor. Ho la deretter opp som alpinist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar