Nancy Greene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nancy Greene
Nancy Greene at Sun Peaks in 2000.jpg
Nancy Greene i 2000
Fødd 11. mai 1943 (79 år)
Ottawa
Yrke alpinist, politikar
Nancy Greene på Commons

Nancy Catherine Greene Raine (fødd 11. mai 1943) er ein kanadisk politikar og tidlegare skirennar, fødd i Ottawa i Ontario, oppvaksen i Rossland i British Columbia. Ho vann verdscupen i alpine greiner både i 1967 og 1968. I 1968 vart ho olympisk meister i storslalåm og verdsmeister i kombinasjon.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Greene vart nummer fem i utfor då VM i alpine greiner 1962 vart avvikla i franske Chamonix. To år etter måtte ho to plassar ned på resultatlista i utfor under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. Ved alpin-VM 1966 i Chile rann ho ut i utforrennet, men kom på fjerdeplass i storslalåm og sjuandeplass i slalåm.

Den 7. januar 1967 vann Greene i tyske Oberstaufen det alle fyrste rennet i verdscupen i alpine greiner for kvinner. I løpet den fyrste veka i verdscupen sigra ho i alle dei fire fyrste verdscup-tevlingane; to renn i Oberstaufen, samt i to renn i Grindelwald i Sveits. Ho vann ei tevling i slalåm, to i storslalåm og ei i utfor. Saman med tre triumfar ved sesongslutt i USA, vann ho verdscupen i alpine greiner 1967 med 176 poeng mot franske Marielle Goitschel sine 172 poeng. Også i 1968-sesongen vart Greene vinnar av verdscupen, men då med langt større margin til toaren. Ho vann til saman 14 verdscuprenn; tre i utfor, åtte i storslalåm og tre i slalåm.

Under Vinter-OL 1968 i Grenoble vann Greene ein suveren siger i storslalåm. Med sin aggressive stil vann ho med heile 2,64 sekundars margin til franske Annie Famose på sølvplassen. I slalåm var Greene den einaste som var i nærleiken til å utfordre Marielle Goitschel, men vart 0,29 sekundar for sein i mål og fekk sølv. Dei to medaljeplasseringane saman med ein tiandeplass i utfor var nok til å sikre Greene VM-gull i kombinasjonen.

Næring og politikk[endre | endre wikiteksten]

Greene var fram til 1973 kanadisk landslagstrenar. Ho og ektemaken Al Raine investerte i oppbygginga av fleire anlegg for skiturisme, mellom andre ved Whistler som vart nytta under Vinter-OL 2010. Heilt frå 1970-åra har dei vorte kritisert både av urfolks- og naturvernmiljø for å gå inn i område som er viktige for indianarar og andre.

Frå 1993 støtta Greene aktivt det høgreorienterte Canadas Reformparti. Sidan 2009 er ho medlem av senatet i Canada, der ho representerer Canadas konservative parti (CPC).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar