Annika Hallin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annika Hallin
Annika Hallin in Aug 2015.jpg
Fødd 16. februar 1968
Hägersten
Yrke skodespelar, filmskodespelar
Annika Hallin på Commons

Annika Susanne Hallin (fødd 16. februar 1968) er ein svensk skodespelar fødd i Hägersten. Ho er sambuar med dramatikaren Lars Norén, og har tre born.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Hallin filmdebuterte i kortfilmen Leberman i 1993, men studerte ved teaterhøgskulen i Stockholm 1996-1999. Sidan har ho vore tilsett ved ei rekkje teater i Sverige. Den fyrste langfilmen Hallin spelte i, var En häxa i familjen frå 2000. I 2005 spelte ho Victoria i den norske filmen Vinterkyss av Sara Johnsen. For denne rolla fekk ho Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle same året.

I 2007 - 2008 spelte ho rolla som Syster Leonora i Arn - Tempelridderen og Arn - Riket ved veiens ende, basert på Jan Guillou sine bøker. Sidan har ho også vorte kjend for rolla som Liv i I taket lyser stjärnorna (2009), og ikkje minst som Annika Gianini i Millennium-trilogien (2009); basert på bøkene av Stieg Larsson. Hallin er no aktuell med spelefilmen Stockholm Östra (2011).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]