Anomurar
Utsjånad
| Anomurar | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
| Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
| Klasse: | Storkreps Malacostraca |
| Overorden: | Eucarida |
| Orden: | Tifotkreps Decapoda |
| Underorden: | Eggberereker Pleocyemata |
| Infraorden: | Anomurar Anomura Macleay, 1838 |
Anomurar (Anomura) er ein infraorden tifotkreps som omfattar ei rekkje vidt ulike krepsdyr i mange ulike habitat. I norske farvatn er dei representert med fire familiar: Eremittkreps, trollkrabbar, trollhummarar og porselenskrabbar.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Anomurar har, som alle andre tifotkreps, ti gangbein. Det siste av desse er derimot ofte gøymd under ryggskjoldet, inne i gjellekammeret der det vert nytta til å halda gjellene reine. Dette trekket skil dei frå ekte krabbar, som har ti velutvikla gangbein som alle vert nytta til å gå med.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Anomurane vert delt inn i fire overfamiliar:
- Galatheoidea
- Galatheidae (trollhummarar)
- Chirostylidae
- Porcellanidae (porselenskrabbar)
- Aeglidae (ei lita gruppe ferskvassanomurar frå Sør-Amerika)
- Kiwaidae (Kiwa hirsuta, ein nyoppdaga art som stundom vert kalla «pelshummar»)
- Hippoidea
- Lomisoidea
- Lomisidae (Lomis hirta)
- Paguroidea