Gjelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein salamandar som framleis har gjellene
Gjeller i hovudet på ein tunfisk

Gjeller eller tokner er pusteorgan hjå organismar som lever i vatn. Dei syter mellom anna for opptak av oksygen frå vatn, og utskiljing av karbondioksid.

Gjeller hjå virvellause dyr[endre | endre wikiteksten]

Mange små vasslevande dyr tek opp oksygen direkte gjennom kroppsoverflata, men meir komplekse former har særskilde organ for å få ei stor nok overflate til å ta opp surstoffet dei treng. Dette er vanlegvis tynne vevplater fylte med blod eller anna væske som slepp gassar gjennom tynne veggar.

Hjå somme insekt finn ein eit unikt sett respirasjonsorgan me kallar trakégjeller. Dette er små blodsystem som tek opp oksygen frå vatnet og fører det inn i trakésystemet til dyret.

Gjeller vert utvikla i sjøstjerner og kråkebollar som tynne røyrstrukturar i kroppsoverflata, med samband med det hydrostatiske skjelettet til dyret. Hjå krepsdyr, blautdyr og somme insekt er dei greina eller plateliknande strukturar med blodårer i, og sit oftast på utsida. Augestikkarlarver har såkalla rektale gjeller, det vil seie at dei har lukka trakéopningar i endetarmen. Vatn som blir pumpa inn og ut av rektum, fører oksygen til dei lukka trakeane.

Muslingar brukar gjellene sine både til gassveksling og til å filtrera næringspartiklar ut or vatnet.

Gjeller hjå virveldyr[endre | endre wikiteksten]

Gjellene til virveldyra vert utvikla i svelget langsmed ei rekkje gjellespalter som opnar til utsida. Alle virveldyr har desse opningane på eit eller anna stadium av livet. Vatn som blir teke gjennom munnen, går ut gjennom opningane og badar gjellene undervegs. Saltvassfisk brukar gjellene til å skilja ut salt, medan ferskvassfisk brukar dei til å halda på salta.

Hjå somme amfibium sit gjellene på same stad på kroppen, men utanpå. Dei fleste artar har fysiologiske tilpassingar gjer at dyra kan utnytta vatnet mest mogleg, ofte ved at blodet og vatnet flyt i motsett retning av kvarandre slik at blodet tek opp mest mogleg oksygen.

Øyregangen i det indre øyra hjå pattedyr er mest sannsynleg omdanna gjellespalter.

Den store overflata til gjellene skapar problem for fisken i samband med osmoregulering eller vassbalanse. Saltvatn inneheldt mindre H2O enn kroppsvæskene til fisken, noko som fører til at saltvassfisk mistar store mengder vatn osmotisk gjennom gjellene. For å vega opp for tapet drikk dei store mengder sjøvatn og skil ut saltane.

Ferskvatn har på den andre sidan høgare vassinnhald enn kroppsvæskene til fisken, noko som gjer at dei tek opp vatn osmotisk gjennom gjellene. Overskotsvatnet vert skild ut gjennom urin.

I fosterdanninga av mennesket er òg forstadium til gjeller til stades. Desse er kalla gjellebogar, og er opphavet til fleire strukturar i andletet, halsen og øyret. Gjellebogane til mennesket er likevel ikkje perforerte, men berre fem foldar, og dei har derfor ingen funksjon i oksygeneringa av fosteret. Det skjer gjennom navlesnora.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]