Antipyretikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
200 mg ibuprofen er eit vanleg antipyretikum

Antipyretika (sing. antipyretikum; av gresk anti «imot» og pyreticus «tilknytt feber») eller febernedsetjande lækjemiddel er lækjemiddel som minskar feber.[1] Antipyretika fører til at hypotalamus overstyrer ei interleukinindusert auking i temperatur. Kroppen jobbar då med å senka kroppstemperaturen slik at feberen minskar.

Dei fleste febernedsetjande lækjemiddel har likevel andre føremål. Til dømes blir ibuprofen og aspirin i hovudsak brukt som smertelindrande middel. Ikkje-steroide antiinflammatoriske middel er både febernedsetjande, betennelsesdempande og smertelindrande.

Det er debatt rundt bruken av slike lækjemiddel sidan feber er ein del av immunresponsen mot infeksjon.[2][3] Ein studie av Royal Society hevdar at febernedsetjande lækjemiddel fører til ei 1 % auking i influensarelaterte dødsfall, og 700 årlege dødsfall som følgje av dette berre i USA.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Definition of antipyretic». Merriam-Webster Online Dictionary. Henta 19. desember 2007. 
  2. «Fever treatment: Quick guide to treating a fever». Mayo Clinic. 29. januar 2013. Henta 23. februar 2015. 
  3. «Fever». MedlinePlus Medical Encyclopedia. 30. august 2014. Henta 23. februar 2015. 
  4. Kupferschmidt, Kai (21. januar 2014). «Fight the Flu, Hurt Society?». ScienceNow. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.