Anton Hjorth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Hjorth

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1830
Christiania
Død

16. september 1891 (60 år)
Christiania

Yrke politikar, offiser
Språk norsk

Anton David Svendsen Hjorth (24. november 183016. september 1891) var ein offiser og stortingsmann frå Christiania.

Han var son til ein jurist som døydde då Anton var småbarn. I barneåra vart han bortsett til offiseren Jens Hjorth, som seinare adopterte guten og som fekk etternamnet hans. Han tok eksamen ved krigsskulen i 1850, og vart i 1852 sekondløytnant i 1. akershusiske brigade. I 1853 vart han overført til brigaden i Kristiansand, forfremja til premierløytnant i 1854 og kaptein i landvernet i 1860. Under opphaldet i Kristiansand arbeidde han i fleire år i vegvesenet og ved jarnbanevesenet, også styrar av Kristiansands gassverk. År 1868 utnemnd til oberst og sjef for det norske jegerkorps.

I 1875 fekk Hjorth stilling som kopist i statsrevisjonen. Han hadde ikkje søkt om avskjed frå embetet sitt, noko kongen mislikte sterkt. Kongen gav Hjorth, gjennom kommandolinjene, valet mellom å seie frå seg kopiststillinga eller straks søke avskjed som offiser. Hjorth nekta begge alternativa, og vart 31. juli 1875 meldt avskil frå offiserstenesta. Stortinget løyvde i 1877 han 2/3 av gasjen i pensjon. Hjorth var statsrevisor frå 1877 til -88, samt styremedlem i jarnbanene 1886-89.

Hjorth var 1. representant for Venstre frå Smaalenenes amt på Stortinget 1883-85 og 1886-88. Begge valperiodane var han medlem av militærkomiteen.

Siste åra av livet budde han i Berg i Østfold. Men han døydde 1891 i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]