Anton Mohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Mohr
AntonMohr.jpg
Fødd8. februar 1890
Fana kommune
Død14. september 1968
NasjonalitetNoreg
Områdesamfunnsøkonomi
Yrkejournalist, historikar, professor, geograf
InstitusjonarNorges handelshøyskole
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Anton Mohr (8. februar 189014. september 1968) var ein norsk økonom og geograf frå Bergen, i si tid allment kjend for eit titals bøker om reiser og økonomiske tilhøve frå heile verda. Han var son til den rike kjøpmannen Conrad Mohr og bror til Wilhelm Mohr.

Mohr reiste i 1913 med foreldra på ein verdsomspennande tur. Frå da av skreiv han over 1300 artiklar i Aftenposten, der han var fast utanriks-kronikør frå 1920. I 1915 tok han cand.philos.-graden i historie ved Universitetet i Kristiania og åtte år seinare vart han dr.philos. på ei avhandling om Nil-økonomien. Der etter var han 1926-31 universitetsstipendiat i politisk geografi.

Mohr tok 1933-36 del i planlegginga av Norges Handelshøyskole. Frå 1. juli 1936 arbeidde han på høgskulen som dosent i handelsgeografi, saman med Axel Sømme. Seinare vart handelshistorie og kolonialpolitikk fagområda hans. Frå 1946 til 1960 var han professor i økonomisk historie.

I tillegg til fleire økonomiske avhandlingar skreiv Mohr reiseskildringar, barnebøker og tre verk om napoleonstida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]