Antropocen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Antropocen er eit uttrykk som enkelte forskarar nyttar for å skildre den aller nyaste perioden av jorda si historie. Det er ikkje ein nøyaktig startdato, men vert rekna for å starte seint på 1700-talet då mennesket først byrjar å påverke det globale klimaet og økosystemet til jorda. Dette samsvarar med oppfinninga av dampmaskinen av James Watt i 1784.[1] Uttrykket vart gjeve i 2000 av den nobelprisvinnande kjemikaren Paul Crutzen, som reknar den menneskeleg påverknaden på jorda dei siste hundreåra som så viktig at perioden bør reknast som ein eigen geologisk epoke.

To vitskaplege artiklar gjevne ut tidleg i 2008 støtta den offisielle bruken av uttrykket, men det er likevel berre uoffisielt så langt.[2]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Henrik H. Svensen. Stein på stein - på sporet av den store masseutryddelsen i jordens historie' (2018)
  • "Finner svar i steinene". 2018-03-02. Klassekampen. S. 28-9. Artikkelforfatter: Torbjørn Tumyr Nilsen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Crutzen, P. J., and E. F. Stoermer. 2000. The "Anthropocene". Global Change Newsletter. 41: 17-18..
  2. Jan Zalasiewicz; m.fl. (februar 2008). «Are we now living in the Anthropocene?». GSA Today. Geological Society of America. 18 (2): 4–8. doi:10.1130/GSAT01802A.1.