Apatitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apatittgruppa
Apatite Canada.jpg
Generelt
Kategori Fosfatmineral
Kjemisk formel Ca5(PO4)3(F,Cl,OH)
Strunz-klassifisering 08.BN.05
Identifikasjon
Farge Gjennomsiktig til gjennomskineleg, vanlegvis grøn, mindre vanleg fargelaus, gul, blå til fiolett, rosa, brun.[1]
Krystallform Søyleforma, prismatiske krystallar, massiv, kompakt eller korna
Krystallsystem Heksagonal dipyramideforma (6/m)[2]
Kløyv [0001] utydeleg, [1010] utydeleg[2]
Brot Muslig til ujamn[1]
Mohs hardleiksskala 5[1] (definerande mineral)
Glans glasaktig[1] til underharpiksaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg[2]
Spesifikk vekt 3.16–3.22[2]
Polert glans glasaktig[1]
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar dobbeltbrytande, einaksa negativ[1]
Brytingsindeks 1.634–1.638 (+0.012, −0.006)[1]
Dobbeltbryting 0.002–0.008[1]
Pleokroisme Blå steinar – kraftig, blå og gul til fargelaus. Andre fargar er svak til særs svak.[1]
Dispersjon (spreiing) 0.013[1]

Apatitt er ei mineralgruppe som omfattar dei mest alminnelege fosfatminerala som finst i små mengder i nesten alle magmatiske bergartar, i dei fleste metamorfe bergartar, og utgjer hovudbestanddelen av einskilde sedimentære bergartar, som fosforitt. Apatitt opptrer som heksagonale krystall eller i massiv form og kan ha mange ulike fargar. Hardleiken er 5. Vanleg apatitt eller fluorapatitt har samansetnaden Ca5(PO4)3F, men apatittgruppa omfattar òg ei rekkje andre mineral med til dels komplisert kjemisk samansetnad. Dei viktigaste apatittane forutan fluorapatitt er hydroksylapatitt og klorapatitt (monoklin symmetri). Britholitt inneheld større mengder lantanoidar og silisium. Karbonat-fluorapatitt (tidlegare francolitt) og karbonat-hydroksylapatitt (tidlegare dahllitt) er ikkje lengre godkjende som eigne mineral, men er variantar av fluorapatitt og hydroksylapatitt. Apatitt spelar ei stor rolle som fosforkilde for plantene, både ved forvitring og som råmateriale for framstilling av kunstgjødsel (fosforgjødsel). Òg verdifulle lantanoider, t.d. europium, kan utvinnast av apatitt.

Tidlegare var det Sør-Noreg drift på gonger av apatitt, særleg ved Ødegården i Bamble, produksjon opp til 10 000 tonn i året. Store apatittleier blir drive på Kolahalvøya i Russland, der Norsk Hydro er involvert. Den viktigaste fosfatproduksjon kjem likevel frå sedimentære fosforittleier i USA og Nord-Afrika.

Til apatitt-gruppa høyrer òg pyromorfitt, mimetesitt og vanadinitt (sjå pyromorfitt).

Namnet apatitt er av gresk apate, som tyder 'bedrag' og -itt, då mineralet er lett å ta feil av.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. Apatitt (24. februar 2012). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Apatite. Webmineral

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Apatitt