Applikasjonssaum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinne som utfører appliké i Mauritania

Applikasjon eller appliké (frå fransk appliqué, opphavleg frå latinsk applicare, 'plassera nær, la koma i kontakt'[1]) er ein tekstil- og lêrteknikk der ein syr eller limer lappar på eit anna stoff. Appliké kan ha nytteføremål, som å lappa hol eller gjera stoff tjukkare, eller kan brukast til å laga merke, dekorasjonar, mønster eller forteljande bilde. Bruken av ulike stoff kan skapa sterke kontrastar, og teknikken kan til dømes brukast til iaugefallande teppe og faner.

Døme på omvend applikasjon

Ofte syr ein motivstoffet på oversida av botnstoffet. I andre teknikkar blir det klipt opningar av ulik form i botnstoffet og motivstoffet blir festa på baksida av dette og er synleg gjennom opningane, gjerne kalla omvend applikasjon. Applikasjonssaum var opphavleg eit handarbeid, og er det ofte framleis, men ein kan òg bruka symaskin når ein applikerer.

Både lappeteknikk og quilting er nærskylde tekstile teknikkar, og blir òg ofte brukte kombinert med applikasjon.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne døme på appliké i lêr og filt på teppe og salteppe i graver frå 300-talet f.Kr. i Sibir og Mongolia.[3] I Sentral-Asia har filtappliké halde fram med å vera viktig til å dekorera jurtar, golvteppe og vesker. Ein egyptisk baldakin frå rundt 980 f.Kr. er sydd av kvadrat av gaselleskinn som er dekorerte med applikerte symbol. Nokre av desse symbola blir framleis brukte i egyptiske applikasjonar.[4]

Appliké frå Benin
Mann i aust-telemarksbunad i samband med kronprinsessebryllaupet i Stockholm i 2010
Foto: Holger Motzkau

Appliké er ei viktig kunstform i Benin i Vest-Afrika, særleg i området rundt Abomey, der det har vore ein sidan 1700-talet og kongeriket Dahomey. Her kunne applikerte teppe til dømes visa kongssymbol eller minna om forteljingar.[5]

Applikasjonsteknikk blir nytta i fleire folkedrakttradisjonar, som Grønland, Skandinavia og Aust-Europa. Han er kjend frå norsk draktskikk, som dekorasjon på mellom anna bringeduker og lommer.[6][7] Jakka på herrebunadar frå Aust-Telemark (lokalt kalla «gråkufter») har applikasjonar i svart ullstoff (vadmål eller klede) på kvit (ufarga) eller flaskegrøn botn.[8]

Ein har òg brukt appliké i klesmote i enkelte periodar. I 1950-åra var det moderne med vide filtskjørt med eit applikert motiv på. På engelsk blir desse skjørta kalla «poodle skirts», fordi applikasjonsmotivet ofte er ein puddel. Dei fyrste puddelskjørta blei designa av amerikanske Juli Lynne Charlot.[9]

Ulike typar[endre | endre wikiteksten]

Fotografi av en fargerik bluse med applikasjonssaum
Omvend applikasjon på ein mola-bluse frå San Blas-øyene (1900-talet)

Omvend applikasjon[endre | endre wikiteksten]

San Blas-øyene utanfor kysten av Panama blir det laga spesielle applikasjonsarbeid til fargerike kvinneblusar, molas, der mønstera tidlegare likna dei tradisjonelle kroppsmålingsmønstera. Seinare har ein òg teke i bruk meir moderne motiv.[10]

Quilting[endre | endre wikiteksten]

Appliqué er mykje brukt i samband med quilting. Baltimore album quilt, broderie perse, hawaiisk quiltar, amish-quiltar, egyptisk khayamiya og ralliquiltar frå India og Pakistan gjer bruk av teknikken.

Hawaiisk quilt[endre | endre wikiteksten]

Applikasjonsarbeid frå Hawaii (tidleg 2000-tal)

På byrjinga av 1800-talet blei applikasjonsteknikken innført på Hawaii. Med tida utvikla kvinnene på Hawaii ein særeigen applikasjonsstil der det tradisjonelt berre blir brukt einsfarga stoff. Hovudmotivet som skal applikerast på eit botnfelt blir klipt ut av eit stoffstykke som er bretta diagonalt to gonger før det blir klippa. Motivet blir då symmetrisk, både horisontalt og vertikalt. Tradisjonelle fargar i applikasjonsarbeida er raude motiv på kvit botnfarge, gule motiv på kvit botnfarge eller grøne motiv på kvit botnfarge. Utover 1900-talet blei det meir vanleg å kombinera raudt, grønt og gult i same applikasjonsarbeid, men framleis på kvit botn.[11]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «appliqué». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.), «apply». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  2. Foster (2002), s. 5
  3. Leslie, Catherine Amoroso (2007). Needlework Through History: An Encyclopedia. s. 7. ISBN 0-313-33548-6. 
  4. Foster (2002), s. 17
  5. «ABOMEY APPLIQUÉ: Remnants Of A Fallen Kingdom, Made In Benin», The Designers Studio (på engelsk), 28. november 2018, henta 9. mai 2022 
  6. «Bringeduk fra Høyanger, Sogn og Fjordane» (på norsk bokmål). Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt. Henta 14. januar 2021. 
  7. «Lomme». 
  8. «Trøye». Digitalt Museum. 
  9. «Interview with Juli Lynne Charlot» (på engelsk). 28. april 2010. Henta 14. januar 2021. 
  10. «Molas from Panama». Henta 14. januar 2021. 
  11. «Traditional Hawaiian Quilting» (PDF). University of Hawaii at Manoa, College of Education. 2019. Henta 14. januar 2021. 
Bibliografi
  • Andersen, Ellen; Wandel, Gertie (1950). «Applikation». Berlingske Haandarbejdsbog. 1. Berlingske. s. 41–45. 
  • Brittain, Judy (red.) (1981). «Applikasjon». Teknologisk Forlags store håndarbeidsbok. Oslo: Teknologisk Forlag. s. 406–417. ISBN 8251201993
  • Foster, Joan (2002). Gamle tekstiler : lappeteknikk, applikasjon, quilting. Levende norske tradisjoner. Oslo: N.W. DAMM & SØN AS. ISBN 8251784239

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Applikasjonssaum