Lappeteknikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lappar i ulike former i tradisjonell applikéteknikk på eit seminole-sjal.

Lappeteknikk er ein saummåte der ein syr mindre tekstil- eller skinnbitar saman til større arbeid. Ein kan sy bitane saman langs kantane eller leggja dei lagvis oppå kvarandre (appliké). Ferdige arbeid kan få eit bakstykke og vatterast i ein prosess kjend som quilting. Ein kan utføra lappeteknikk for hand eller med symaskin.

Lappeteknikk er ein måte å nyttiggjera seg av stoffbitar som elles er for små til å brukast, til dømes avklipte restar frå eit større tekstil eller gjenbruk av gamle klede. Teknikken har også ein dekorativ verknad som kan vera vel så viktig. Ved meir eller mindre regelmessig bruk av geometriske former i ulike fargar og mønster kan ein oppnå slåande mosaikkeffektar. Ein kan laga både figurative og abstrakte motiv.

Ein har brukt lappeteknikk ei rekkje ulike stader, og utvikla ulike teknikkar og mønster i ulike kulturar. Nokre av desse har så spreidd seg over heile verda som ein populær hobby. Teknikken er utbreidd i tekstilkunst, og kan brukast til biletteppe eller som del av ein collage.

Tråd og lappar festa rundt papirbitar, klare til å laga mønsteret «tumbling blocks».

Materiale og utstyr[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste tekstilmateriale kan brukast til å laga lappeteppe, men nokre er meir eigna enn andre. Bomullsstoff i toskaftsvevnad har lenge vore populære. Dette er tøy som er lett å klippa presist og ikkje glir eller strekkjer seg, slik at ein lett kan arbeida nøyaktig. Silke, ull, lin og kunststoff har også vore brukt. I tillegg til vove stoff kan ein også laga lappeteppe av hekla eller strikka tøybitar. Lêr- og pelsbitar kan også lappast saman til større lêrarbeid eller pelsverk.

Samspelet av tøybitar i ulike fargar og mønster er viktig i lappeteknikk. Tradisjonelt har ein brukt gamle klede og tøyrestar til å laga lappeteppe av, men i dag er det vanleg å kjøpa tøy spesielt for dette føremålet. Det finst mange forhandlarar som spesialiserer seg på lappestoff.

I tillegg til stoff treng ein nål og tråd eller symaskin til å sy dei saman. I tillegg treng ein saks eller skjerehjul til å klippa ut tøystykke, og eventuelt skjerebrett som hjelper ein til å skjera ut mønster. Linjal til å måla bitane og sjablongar til å teikna lappemønster rundt er også vanlege hjelpemiddel. [1]

«Crazyquilt» med lappar i uregelmessige storleikar, stoffval og påbroderte namn frå 1897.
Quilta lappeteppe med eit «Star of Ohio»-mønster med ramme danna av ulike geometriske figurar sydd kant i kant.

Teknikk[endre | endre wikiteksten]

Ved å bruka fleire lappar frå ulike stoff klippa ut i geometriske figurar, som kvadrat, rektangel, trekantar, parallellogram og heksagonar, kan ein få fram ulike mønster og/eller bilete. Ein kan byggja opp eit lappeteppe ved hjelp av fleire mindre kvadrat i same eller ulike mønster. Kjende mønster frå angloamerikansk tradisjon har namn, som log cabin, tumbling blocks, Irish chain og star of Ohio. Ein kan også bruka tynne band, stoffstriper eller uregelmessige lappar. Eit døme på lappeteknikk med svært uregelmessige lappar er crazyquilting. Innan appliké kan ein ha kva form ein vil på lappane, dei kan til dømes danna bilete eller dei kan klippast til intrikate mønster, som i Hawaii-quilting og mola-teppe frå Panama.

I tillegg til å bruka fargar og mønster som opphavleg finst på lappane, kan ein også dekorera dei med broderi, påskrift eller forseggjorte saumar. Namnequiltar kan til dømes ha lappar med namnetrekket til alle som var med på å laga quilten, påskrivne eller broderte.

I appliké er det vanleg å bretta inn kantane til stoffbiten ein syr på, eller bruka tette sting som skjuler kanten. I lappeteknikk der ein syr kantar mot kvarandre kan ein sy på vrangsida og deretter stryka saumen flat, eller ein kan festa kvar lapp rundt eit papirstykke som gjev form. Den første teknikken er enklast og kan utførast på maskin, medan den sistnemnde er tidkrevjande handarbeid som kan brukast til mønster med mange kantar eller kurver.

Koreansk hanbok der ermene på overdelen til høgre er sett saman av tøystriper.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein kan bruka lappeteknikk til ei rekkje føremål, som teppe, putevar, brikker og klede. Han har lang tradisjon både for gjenbruk av tøy og som ein dekorativ teknikk. Han er utbreidd i tekstilkunst. Lappeteknikk eigner seg godt til samarbeid, til dømes ved at ein set saman lappar laga av ulike bidragsytarar. Nokre lappeteppe kan lagast med særskilde føremål og tyding, til dømes minneteppe og venskapsteppe.

Historie og tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Kvinne på Rarotonga med tivaevae, eit quilta sengeteppe i lappeteknikk.

Sidan organisk materiale raskt blir brote ned, er det sjeldan ein finn bevarte klede som kan fortelja noko om tekstilteknikkane i eldgamle tider. Nokre arkeologiske funn viser likevel at lappeteknikk lenge har vore brukt til mange føremål. Det over fem tusen år gamle liket av «Ötzi» var til dømes iført klede sydde saman av skinnlappar i mønster.[2] Ein kjenner til bruk av appliké frå det gamle Egypt tidleg på 900-talet f.Kr. og frå nomadar i Sibir på 400-talet f.Kr.[3] I Mogao-holene i Gansu-provinsen i Kina har ein funne munkekapper frå 700-800-talet sett saman av vakre silkelappar.[4]

Lappeteknikk kom for alvor på moten gjennom utvekslinga av produkt og idéar som oppdagingstida førte til. I Europa og dei amerikanske koloniane blei det vanleg å laga lappeteppe av mønstra silke- og bomullsmateriale frå Austen, til dømes i broderie perse-teknikken. Etterkvart som bomullstekstil blei masseproduserte under den industrielle revolusjonen, spreidde teknikken seg frå overklassen til fleire samfunnslag og område. Det blei utvikla ei rekkje ulike lappeteknikkar basert på lokal smak og bruk i alle verdsdelar. I løpet av 1800-talet gjekk også angloamerikansk lappeteknikk gjennom mange motar, med til dømes crazyquilt, namnequiltar og heksagonmønster.

Nokre kjende lappeteknikkar som kan nemnast i dag er seminoleteknikk, amish-quilting og Hawaii-quilting, som alle er spreidde vidt om i verda. Andre lokale stilar er tivaevae frå Fransk Polynesia, molaklede frå Panama, pa ndau laga av hmongfolk frå Søraust-Asia og ralli frå Sør-Asia.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lappeteknikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Utstyr - lappeteknikk og quilting ved dinhobby.no
  2. The Hide Coat; The Loincloth ved iceman.it
  3. Demonstrert av funn i grava til den egyptiske dronninga Esi-mem-kev og dei sibirske Pazaryk-gravene.
  4. A Buddhist monastic robe, Highlights, britishmuseum.org; The Thousand Buddhas : vol.1 (48) ved dsr.nii.ac.jp
  5. Contributions to Quilting by Ethnic Groups, America's Quilting History; http://www.ralliquilt.com/history.html

Generelle kjelder[endre | endre wikiteksten]