Arabiahavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arabiahavet
hav
Land  India
Del av Indiahavet
Kart
Arabiahavet
16° N 64° E
Wikimedia Commons: Arabian Sea

Arabiahavet er ein del av Indiahavet og ligg mellom kystane av Den arabiske halvøya i vest og India i aust. Iran og Pakistan ligg i nord.

Havgrensa mot sjølve Indiahavet trekkjer ein frå den sørlegaste av Maldivane til Ras Hafun på austkysten av Somalia. Grensa er nokonlunde samanfallande med den undersjøiske Carlsbergryggen.

Frå Arabiahavet går to store bukter inn på kvar side av Den arabiske halvøya: Adenbukta med Raudehavet og Omanbukta med Persiabukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.