Raudehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Raudehavet (fleirtyding).
Satellittbilde av Raudehavet.

Raudehavet (arabisk البحر الأحمر Baḥr al-Aḥmar, al-Baḥru l-’Aḥmar; hebraisk ים סוף Yam Suf, tigrinja ቀይሕ ባሕሪ QeyH baHri) er ei havbukt frå Indiahavet mellom Afrika og Asia.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Raudehavsrev i Egypt.

Havet blei til då Afrika og den arabiske halvøya skilde lag, ein prosess som tok til for rundt 30 millionar år sidan. Havet veks framleis, og har små vulkanske område i dei djupare delane.

Sambindinga med Indiahavet går gjennom Bab el-Mandeb-sundet og Adenbukta. I nord ligg Sinaihalvøya, Akababukta og Suezbukta (som leier opp til Suezkanalen). Sjøen er omtrent 1900 km lang og over 300 km på det breiaste. Flatevidda på sjøen er mellom 438 000 og 450 000 km².

Den største djupna er 2 500 m i den sentrale midtre kløfta, medan den gjennomsnittlege djupna er 500 m. Raudehavet har òg vide grunne hyller, kjent for eit rikt maritimt liv med korallar. Havbukta er leveområde for over tusen virvellause dyreartar og for to hundre harde og mjuke korallartar. Ho er ein del av Den austafrikanske riftdalen og er verdas nordlegaste tropiske hav.

Land rundt[endre | endre wikiteksten]

Kartskisse.

Raudehavet har kyst til

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Nokre av byane ein finn ved kysten av Raudehavet er

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1900-talet refererte dei fleste europeiske kjelder til Raudehavet som den arabiske golfen, med støtte i gamle greske tekstar. Herodotus, Straban og Ptolemaios kalla han Arabicus Sinus, medan Erythrias (Raude)-havet viste til sørlegare farvatn, dagens Indiske hav.

Raudehavet er ikkje sjølv raudt, og det er uklart kvar namnet kjem frå. Det kan visa til dei raudfarga fjella rundt som ofte speglar seg i vatnet, eller til dei raude algene Trichodesmium erythraeum som blomstrar opp nær overflata med jamne mellomrom.

Fysiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over havet frå Sharm el-Sheikh i Egypt. (Foto: Ian Sewell)

Overflatetemperaturen held seg gjerne jamt på 21-25°C. Temperatur og sikt i sjøen held seg gode ned til 200 meter djupne, men havet er kjent for sterke vindar og sterke lokale straumar.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turistar vitjar Raudehavet på grunn av det milde klimaet og for å sjå livet i havet. Det er kjend for dykkestader som Ras Mohammed, vraket SS Thistlegorm, Elphinstone, The Brothers og Rocky Island i Egypt, og har fleire mindre kjende stader i mellom anna Sudan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]