Adenbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 12°N 48°E
Adenbukta
bukt
none  Adenbukta og Afrikashorn sett frå Den internasjonale romstasjonen
Adenbukta og Afrikashorn sett frå Den internasjonale romstasjonen
Land Flag of Yemen.svg Jemen, Flag of Somalia.svg Somalia Flag of Djibouti.svg Djibouti
stad Arabiahavet
 - koordinatar 12°N 48°E
Djupne 500 m
Største djupne 2 700 m
Gulf of Aden map.png
Wikimedia Commons: Gulf of Aden

Adenbukta (arabisk خليج عدن - Ḫalīǧ ʻAdan, somali Gacanka Cadmeed) er ei om lag 900 km lang bukt som ligg vest i Det arabiske havet. Bukta går aust-vest og har Jemen-kysten i nord og den somaliske kysten på Afrikas horn i sør.

Adenbukta knyt Det indiske havet saman med Raudehavet via Bab el-Mandeb mellom kysten av Djibouti og Jemen. Ved hjelp av Suezkanalen i Egypt kan ein koma seg frå Det indiske havet og heilt opp til Middelhavet gjennom Adenbukta. Dei siste åra har den viktige sjøfartsvegen vore sterkt plaga med piratar.

Bukta er kalla opp etter hamnebyen Aden i Jemen. Historisk vart Adenbukta kalla «Berberabukta» etter den gamle somaliske byen Berbera på sørsida.[1][2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Grenser[endre | endre wikiteksten]

International Hydrographic Organization derfinerer grensene til Adenbukta som følgjer:[3]

I nordvest – Den sørlege grensa til Raudehavet, ei linje frå Husn Murad til Ras Siyyan
I aust – Meridianen langs Kapp Guardafui (Ras Asir, 51°16'E).

Hydrografi[endre | endre wikiteksten]

Temperaturen i Adenbukta varierer frå 15 °C og 28 °C, avhengig av årstid og monsunen. Saliniteten i bukta på 10 meters djupne varierer frå of the gulf at 10 meters (33 ft) depth varies from 35,3  langs austkysten av Somalia til så mykje som 37,3 ‰ i midten av bukta,[4] medan oksygeninnhaldet i Adenbukta på den same djupnra typisk er mellom 4,0 og 5,0 mg/L.[4]

Handel[endre | endre wikiteksten]

Ein dhow i Adenbukta.

Adenbukta er ei viktig skipsrute, særleg for olje frå Persiabukta, noko som gjer ruta til ein viktig del av verdsøkonomien.[5] Kring 11 % av petroleum frakta på verdshava, passerer gjennom Adenbukta på veg til Suezkanalen eller raffineri i regionen.[6] Dei største hamnebyane langs bukta er Aden i Jemen, Djibouti by i Djibouti og Zeila, Berbera og Bosaso i Somalia.

I tidlegare historie var byen Seera, like sør for den moderne byen Aden, ein viktig hamneby for handel i regionen. Seera, eller Krater, var den viktigaste hamna i det førislamske kongedømet Awsan, og etter annekteringa av kongedømet Saba på slutten av 400-talet, spelte han ei viktig rolle i sambandet mellom Afrika og Arabia.

India får inn 50 milliardar USD i import og 60 milliardar USD i eksport gjennom dette området kvart år. På grunn av dette og for å verne handelen for andre land, har India eit krigsskip i området.[7]

Seint på 2000-talet utvikla bukta seg til eit senter for piratveksemd. I 2013 hadde åtaka i farvatnet minka ein god del på grunn av aktiv privat tryggleik og internasjonale marinepatruljar.[8]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk sett er ikkje bukta gammal, og Adenbukta har eit unikt biologisk mangfald med mange forskjellige typar fisk, korallar, sjøfugl og virvellause dyr. Dette rike økologiske mangfaldet har nytt godt av forholdsvis lite forureining i bukta. Miljøvernsgrupper fryktar derimot at mangelen på koordinerte forsøk på å kontrollere forureininga i området kan endre dette.[9] Kvalar, delfinar og sjøkyr[10] var ein gong vanleg i bukta før dei vart kraftig redusert på grunn av ulovleg jakt av Sovjetunionen og Japan i 1960- og 1970-åra.[11]

Grenseland[endre | endre wikiteksten]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Byar ved kysten av Adenbukta:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dumper, Stanley, Michael, Bruce E.. Cities of The Middle East and Nord-Afrika: A Historical Encyclopedia. ABC CLIO, Google Books. ss. 90. Arkivert frå originalen.. http://books.google.co.uk/books?id=3SapTk5iGDkC&pg=PA89&dq=gulf+of+berbera+cities&hl=en&sa=X&ei=T1brT42mAsvE8QOst9ziBQ&ved=0CDQQ6AEwAA#v=onepage&q=gulf%20of%20berbera%20cities&f=false. 
  2. Houtsma, M. Th. First encyclopaedia of islam: 1913-1936. Google Books. ss. 364. Arkivert frå originalen.. http://books.google.co.uk/books?id=sP_hVmik-QYC&pg=PA364&dq=gulf+of+berbera&hl=en&sa=X&ei=HFbrT77BH4LZ8AOTk9XZBQ&ved=0CD0Q6AEwAg#v=onepage&q=gulf%20of%20berbera&f=false. 
  3. «Limits of Oceans and Seas, 3rd edition». International Hydrographic Organization. 1953. http://www.iho-ohi.net/iho_pubs/standard/S-23/S23_1953.pdf. Henta 28. juni 2016. 
  4. 4,0 4,1 «Hydrographic Survey Results». Report on Cruise No. 3 of R/V «Dr. Fridtjof Nansen.» - Indian Ocean Fishery and Development Programme - Pelagic Fish Assessment Survey North Arabian Sea. Food and Agriculture Organization of the Dei sameinte nasjonane (FAO). 1975. Arkivert frå originalen.. http://www.fao.org/WAIRDOCS/FNS/FN023E/ch2.htm. Henta 28. juni 2016. 
  5. «Earth from Space: The Gulf of Aden – the gateway to Persian oil». European Space Agency. 2005-03-01. http://www.esa.int/esaEO/SEMWOXNFGLE_index_0.html. Henta 28. juni 2016. 
  6. «Raudehavet and the Adenbukta». International Tanker Owners Pollution Federation (ITOPF). 2003. http://www.itopf.com/information-services/country-profiles/documents/redsea.pdf. Henta 28. juni 2016. 
  7. Gokhale, Nitin (2011). «India Takes Fight to Pirates». the-diplomat.com. The Diplomat. http://the-diplomat.com/2011/04/19/india-takes-fight-to-pirates/?utm_source=feedburner&utm_medium=feed&utm_campaign=Feed%3A+the-diplomat+%28The+Diplomat+RSS%29&utm_content=Google+Feedfetcher. Henta 19. april 2011. 
  8. Arnsdorf, Isaac (22. juli 2013), «West Afrika Pirates Seen Threatening Oil and Shipping», Bloomberg, http://www.bloomberg.com/news/2013-07-22/west-africa-pirates-seen-threatening-oil-and-shipping.html, henta 28. juni 2016 
  9. «Raudehavet & Adenbukta». Dei sameinte nasjonane Environment Programme. 2005. http://www.unep.org/regionalseas/Programmes/Non-UNEP_administered_Programmes/Red_Sea_and_Gulf_of_Eden/default.asp. Henta 28. juni 2016. 
  10. Nasr D.. Dugongs in Raudehavet and Adenbukta
  11. Jackson J.. 2006. Diving with Giants. pp.59. New Holland Publishers Ltd. Henta on December 17. 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adenbukta