Hopp til innhald

Archie Fisher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Archie Fisher

Fødd23. oktober 1939 (84 år)
FødestadGlasgow
OpphavStorbritannia
Sjangerkeltisk musikk, bard
Instrumentakustisk gitar, vokal
Verka somsongar, låtskrivar, gitarist
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Archie Macdonald Fisher MBE (fødd 23. oktober 1939) er ein skotsk folkesongar og låtskrivar.[1] Han har gitt ut fleire soloalbum sidan platedebuten i 1968. Fisher skreiv songen «The Final Trawl», som er med på albumet Windward Away, og er også spelt inn av fleire andre grupper og songarar, som The Clancy Brothers. Frå midten av 1970-talet produserte han fire folkealbum med Makem and Clancy. Han spelte òg med dei og andre grupper som backup-songar og gitarist. Han var vert for sitt eige radioshow på BBC Radio Scotland i nesten tre tiår.

Archie Fisher var fødd i Glasgow i 1939, i ein stor songarfamilie. Systera hans Cilla Fisher blei òg profesjonell songar, og det same gjorde systera Ray. I 1960 flytta han til Edinburgh, og dukka regelmessig opp på folkeklubben The Howff som blei driven av Roy Guest. I 1962 gav Ray og Archie ut singelen «Far Over the Forth» på platemerket Topic Records, og var med på BBC-programmet Hootenanny. I 1965 gav heile familien Fisher ut albumet Traditional and New Songs from Scotland.

Edinburgh Folk Festival

[endre | endre wikiteksten]

I 1964 omfatta Edinburgh Festival Fringe også ein folkefestival i seg sjølv. Eit album med deltakarane blei gjeve ut på Decca. Det blei kalla Edinburgh Folk Festival vol 2, og inneheldt spor av Ray Fisher, Archie Fisher, Anne Briggs og The Ian Campbell Folk Group (som omfatta Dave Swarbrick). Bert Jansch og Briggs spelte saman, men dette blei ikkje tatt opp. Fisher oppfatta tidleg songkrafta til Barbara Dickson, og i 1969 inviterte han henne til å gjesta på albuma sine. Han hadde blant anna med songen «All Around My Hat», som seinare blei ein hit for Steeleye Span. Songen «Witch of the Westmorland» blei spelt inn av Dickson i 1971 til albumet From the Beggar's Mantle, av Fisher sjølv på The Man With a Rhyme i 1976, av Stan Rogers i 1979 og av Golden Bough i 1983.

Fisher slo seg ned sør i Skotland. Han blei tildelt ein MBE i New Year Honours List i 2006.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Fisher Family

[endre | endre wikiteksten]
  • Traditional and New Songs From Scotland (1965)
  • The Fisher Family Topic (1966)
  • Archie Fisher (1968)
  • Orfeo (1970)
  • Will Ye Gang, Love? (1976)
  • The Man with a Rhyme (1976)
  • Sunsets I've Galloped Into (1988)
  • Windward Away (2008)
  • A Silent Song (2015)

Med Barbara Dickson

[endre | endre wikiteksten]
  • The Fate o' Charlie (1969)
  • Thro' The Recent Years (1970)

Med Garnet Rogers

[endre | endre wikiteksten]
  • Off the Map (1986)

Med Frightened Rabbit

[endre | endre wikiteksten]
  • «The Work», som han var med på å skriva, på A Frightened Rabbit EP (2011)
  1. Mason, Stewart. «Biography: Archie Fisher». AllMusic. Henta 16 April 2010.