Barbara Dickson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barbara Dickson
Fødd27. september 1947 (72 år)
FødestadDunfermline, Skottland
FødenamnBarbara Ruth Dickson
OpphavStorbritannia
Aktiv1968 til i dag
Sjangerpop, middle of the road
InstrumentVokal, gitar, piano
PlateselskapRSO, Epic, Voiceprint Greentrax
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, skodespelarinne, presentatør
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, Laurence Olivier Award for Best Actress in a Musical, Laurence Olivier Award for Best Actress in a Musical

Barbara Ruth Dickson (fødd 27. september 1947)[1] er ein skotsk songar som hadde hittar som «I Know Him So Well» og «January February». Dickson har gjeve ut femten album som har nådd UK Album Chart frå 1977 og fram til i dag, og hatt mange hitsinglar, mellom anna fire som har nådd topp 20 i Storbritannia. Avisa The Scotsman skildra ho som den mestseljande skotske songarinna.[2]

Ho har to gonger vunne Laurence Olivier-prisen som skodespelarinne,[3] med roller som Viv Nicholson i musikalen Spend Spend Spend, og ho var den originale Mrs. Johnstone i Willy Russell-musikalen Blood Brothers.[4] På TV har ho spelt Anita Braithwaite i Band of Gull.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barbara Dickson har klart å balansere karrieren innan musikk og musikalsk teater. Ho var ein topseljande artist i 1970-åra, då ho spelte inn hittar som «Answer Me» og «Morning Comes Quickly», og ho hadde òg hittar i 1980-åra med «January, February» og ein duett med Elaine Paige på «I Know Him So Well». Debutalbumet hennar, All for a Song, selde meir enn 600 000 eksemplar og låg inne på den britiske albumlista i meir enn eitt år. I 1990-år spelte ho inn eit album med Bob Dylan-songar, Don't Think Twice It's Alright, og eit album med tradisjonelle keltiske songar, Parcel of Rogues. Dickson har hatt ei like imponerande karriere som skodespelarinne. Debuten hennar var i Willy Russell-musikalen John, Paul, George Ringo....and Bert i 1974, og ho heldt fram med showet då det flytta frå Everyman Theater i Liverpool til West End i London. Ho heldt fram å arbeide med Russell, og Dickson fekk ein Society of West End Theater-pris som beste skodespelarinne i ein musikal for rolla si i Blood Brothers. Ho kom attende til teateret etter ein lang pause seint i 1997, då ho vart med i ein ny produksjon av Christopher Bond, The Seven Ages of Woman, som hadde premiere i Liverpool Playhouse. Ho vann prisen for beste teaterskodeplarinne frå Liverpool Echo Arts and Entertainment for rolla si. Dickson har heldra fram å hauste heider. Ho fekk Laurence Olivier-prisen og Variety Club of Great Britain show business-prisen for beste musikalskodespelar.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Archie Fisher and Barbara Dickson

Soloalbum

Singlar

  • «Here Comes the Sun» (1974)
  • «Blue Skies» (1975)
  • «Answer Me» (1976)
  • «People Get Ready» (1976)
  • «Out Of Love With Love» (1976)
  • «Another Suitcase in Another Hall» (1977)
  • «Lover's Serenade» (1977)
  • «I Could Fall» (1977)
  • «City to City» (1978)
  • «Fallen Angel» (1978)
  • «Come Back with the Same Look in Your Eyes» (1979)
  • «Caravan Song» (1979)
  • «January February» (1980)
  • «In the Night» (1980)
  • «It's Really You» (1980)
  • «Only Seventeen» (1981)
  • «My Heart Lies» (1981)
  • «Run Like the Wind» (1981)
  • «Take Good Care» (1982)
  • «I Believe in You» (1982)
  • «Greatest Original Hits - 4 Track E.P» (1982)
  • «Here We Go» (1982)
  • «Stop in the Name of Love» (1982)
  • «Tell Me It's Not True» (1983)
  • «Keeping My Love for You» (1984)
  • «I Don't Believe in Miracles» (1984)
  • «I Know Him So Well» (med Elaine Paige) (1985)
  • «Still in the Game» (1985)
  • «If You're Right» (1986)
  • «Time After Time» (1986)
  • «I Think It's Going to Rain Today» (1987)
  • «The West Coast of Clare» (1987)
  • «Only a Dream in Rio» (1988)
  • «Coming Alive Again» (1989)
  • «All I Ask of You» (med José Carreras) (1989)
  • «Tears of Rage» (1991)
  • «Don't Think Twice It's Alright» (1992)
  • «Blowin' in the Wind» (1992)
  • «Love Hurts» (1995)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Year By Year». Barbara Dickson. 27 September 1952. Henta 10. september 2014. 
  2. 31 October 2009 10:18 (31 October 2009). «Interview: Barbara Dickson, songar - News». Scotsman.com. Henta 10. september 2014. 
  3. «Olivier Awards - Past Nominees and Winners». 
  4. «Barbara Dickson – Discover music, videos, concerts, stats, & pictures at». Last.fm. Henta 10. september 2014.