archive.today

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Archive.today

Type nettstadnettstad, webarkiv, nettleserutvidelse
Tilgjengeleg påfleire språk
Grunnlagd16. mai 2012
OpphavslandTsjekkia
Nettstadarchive.is/,

archive.today (òg kjent som archive.ph og archive.is) er ein arkiveringsnettstad som lagrar augneblinkbilde av nettsider.[1] Han har støtte for JavaScript-tunge nettsider som Google Maps og progressive webapplikasjonar som Twitter. Arkivet opprettar to augneblinkbilde: Ein replikasjon av den opphavlege nettsida, og dessutan ein skjermdump. Nettstaden blei opphavleg grunnlagd i 2012 som archive.today, men bytta namn i 2015 til archive.is. I 2019 byrja ei utfasing av archive.is-domenet til fordel for dagens archive.today-spegel.[2]

Funksjonalitet[endre | endre wikiteksten]

Archive.today bruker «headless browsing» for å ta opp dei omgivande ressursane som trengst for å fanga augneblinkbildet av høg kvalitet, og opprettar eit PNG-bilde for å gje ei statisk og ikkje-interaktiv visualisering av nettsida.[3]

I motsetnad til søkerobotar som Wayback Machine, lagrar archive.today berre individuelle sider etter eksplisitte brukarspurnader, og respekterer derfor ikkje robots.txt-filer.[4] På grunn av dette kan ikkje nettsideeigarar fjerna innhald.[5]

Sidan juli 2013 har archive.today støtta Memento Projects programmeringsgrensesnitt (API).[6][7]

Veesp hostar archive.today.[8] Nettstaden var verna av Cloudflare frå 16. august 2018 til 2. september 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin Brinkmann (22. april 2015). «Create publicly available web page archives with Archive.is» (på engelsk). Ghacks. Henta 13. juni 2015. 
  2. @archiveis (4. januar 2019). «Please do not use archive.IS mirror for linking, use others mirrors [.TODAY .FO .LI .VN .MD .PH]. .IS might stop working soon.» (Tweet) (på engelsk). Arkivert frå originalen 6. januar 2019 – via Twitter. 
  3. Brunelle, Justin F.; Kelly, Mat; Weigle, Michele C.; Nelson, Michael L. (25. januar 2015). «The impact of JavaScript on archivability». International Journal on Digital Libraries (på engelsk) (Springer-Verlag Berlin Heidelberg) 17 (2): 95–117. doi:10.1007/s00799-015-0140-8. 
  4. Dascalescu, Dan (18. februar 2013). «Web page archiving – Dan Dascalescu's Wiki (review)» (på engelsk). Wiki.dandascalescu.com. Arkivert frå originalen 22. september 2013. Henta 3. oktober 2013.  «Comparison of web archiving services». Arkivert frå originalen 22. september 2013. Henta 30. september 2018. 
  5. Koebler, Jason (29. oktober 2014). «Dear GamerGate: Please Stop Stealing Our Shit». Motherboard (på engelsk). Henta 10. mars 2023. 
  6. Nelson, Michael L. (9. juli 2013). «Archive.is Supports Memento». Research and Teaching Updates (på engelsk). Web Science and Digital Libraries Research Group at Old Dominion University. Arkivert frå originalen 27. juli 2013. Henta 17. september 2013. 
  7. «archive.is» (på engelsk). Memento Development Group. Arkivert frå originalen 15. september 2013. Henta 17. september 2013. 
  8. «Archive.is server and hosting history» (på engelsk). EasyCounter. Henta 2. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Archive.today