Arenaer under sommar-OL 1896

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arenaer under sommar-OL 1896 gjev oversyn over arenaene som vart nytta under sommar-OL 1896 i Aten.

Arenaer[endre | endre wikiteksten]

Opningsseremonien på Panathinaïkó Stádio.
Arenaer Idrettar Kapasitet
Ómilos Andisfírisis Athinón[1] Tennis Ukjend
Liménas Zéas[2] Symjing Ukjend
Kallithéa[3] Skyting Ukjend
Marathónas[4] Friidrett (maraton) og sykling (landevegssykling) Ukjend
Podilatodrómio Néou Falírou[5] sykling Ukjend
Panathinaïkó Stádio[6] Friidrett, gymnastikk, vektløfting og bryting 80 000
Záppeio Mégaro[7] Fekting Ukjend

Bukta Liménas Zéas vart nytta til symjing av di arrangørane nekta å byggje ein symjearena.[8]

I etterkant[endre | endre wikiteksten]

Fire av arenaene vart nytta under sommar-OL 2004. Velodromen Podilatodrómio Néou Falírou vart riven og bygd opp att som ein fotballstadion under namnet Stádio Jórgos Karaïskákis i 1964.[9] Stadionet vart renovert i 2003 og nytta under leikane i 2004.[10] Panathinaïkó Stádio vart nytta som arena for bogeskyting og som mål for maratonet.[11] Under leikane i 1896 arrangerte byen Marathónas både maraton og landevegssykling, medan dei i 2004 berre arrangerte maraton.[12] Záppeio Mégaro fungerte som hovudkontor for organisasjonskomitéen for sommar-OL 2004 frå 1998 til 1999 og som det viktigaste kommunikasjonssenteret under leikane.[13][14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]