Medaljefordeling under sommar-OL 1896

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alle vinnarane i 1896 vart tildelt ein sølvmedalje.

Medaljefordeling under sommar-OL 1896 gjev oversyn over medaljefordelinga under sommar-OL 1896. Totalt 241 utøvarar frå 14 nasjonar deltok i 43 øvingar i ni idrettsgreiner.[1]

Ti nasjonar vann medaljar, i tillegg vart tre av medaljane vunne av blanda lag som var sett saman av utøvarar frå ulike nasjonar. USA vann flest gullmedaljar (11) og vertsnasjonen Hellas vann flest medaljar totalt (46) så vel som flest sølvmedaljar (17) og bronsemedaljar (19) og nest flest gullmedaljar (10).[2]

Under dei tidlegaste olympiske leikane deltok to utøvarar frå ulike nasjonar som eit lag under fleire øvingar.[3] IOK laga neminga «Blanda lag» med landskoden ZZX. Nokre utøvarar vann medaljar individuelt og som ein del av eit blanda lag, og desse medaljane er lista opp under anten nasjoen dei deltok for eller blanda lag. Dionýsios Kásdaglis var av gresk opphav, men budde i den egyptiske byen Alexandria. Han var oppført av IOK som gresk under tennis singel, men i tennis dobbel deltok han saman med greske Dimítrios Petrokókkinos, som ikkje er identifisert med nokon nasjon, under blanda lag.[2]

Det vart ikkje utdelt gull-, sølv- og bronsemedaljar under sommar-OL 1896 i Aten. Vinnaren fekk ein sølvmedalje, ei olivengrein og eit diplom og andreplassen fekk ein bronsemedalje, ei laurbærgrein og eit diplom.[4] Det var fyrst under sommar-OL 1904 det vart utdelt medaljar til dei tre beste, men Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) har stadfesta at medaljefordelinga òg gjeld for dei olympiske leikane i 1896 og 1990.[2]

James Connolly frå USA vann tresteg under sommar-OL 1896.
# Land   Gull     Sølv   Bronse   Totalt  
1  USA (USA) 11 7 2 20
2  Hellas (GRE) 10 17 19 46
3  Tyskland (GER) 6 5 2 13
4  Frankrike (FRA) 5 4 2 11
5  Storbritannia (GBR) 2 3 2 7
6  Ungarn (HUN) 2 1 3 6
7  Austerrike (AUT) 2 1 2 5
8 Det britiske flagget Australia (AUS) 2 0 0 2
9  Danmark (DAN) 1 2 3 6
10  Sveits (SUI) 1 2 0 3
11 Blanda lag (ZZX) 1 1 1 3
Totalt 43 43 36 122

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den internasjonale olympiske komitéen: Athens 1896–Games of the I Olympiad
  2. 2,0 2,1 2,2 Den internasjonale olympiske komitéen: Athens 1896–Medal Table
  3. TSN: 1896 - Summer Olympics I (Athens, Greece)
  4. De Coubertin, Pierre; Timoleon J. Philemon; N.G. Politis; Charalambos Anninos (1897). The Olympic Games: BC 776–AD 1896 (PDF). The Olympic Games in 1896 - Second Part (Athens: Charles Beck). s. 232–4. Arkivert (PDF) frå originalen den 27. mai 2008. Henta 6. mai 2008.