Marathónas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marathónas
Lokalt namn: Μαραθώνας
Frå sletta omkring tettstaden Marathónas
Frå sletta omkring tettstaden Marathónas
Geografi
2011 Dimos Marathonos.png
Stad Attikí
Koordinatar 38°09′N 23°47′EKoordinatar: 38°09′N 23°47′E
Areal 226,6 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Aust-Attikí
Hovudsete Marathónas (7 170 innb.)
Demografi
Folketal 33 423 (2011[1])
Folketettleik 150,1 /km²

Marathónas (gresk Μαραθώνας) er ein kommune på austsida av halvøya Attikí i Hellas, nordaust for Aten. Han høyrer til periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí.[2]

Slaget ved Marathon stod på sletta i nærleiken av tettstaden Marathónas. I kommunen ligg òg den kunstige Marathonsjøen, som er vassreservoar for Aten.

Maratonløpet har namn etter ei legende knytta til slaget ved Marathon. Under Sommar-OL 2004 gjekk maratonløpet med start i Marathónas og mål på den gamle olympiastadion i Athen. Dette er òg ruta til det årlege Athen klassiske maraton.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Marathónas, no kommunaleininga Marathónas

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 33 423 innbyggjarar, medan kommunaleininga Marathónas hadde 12 849 og tettstaden med same namn 7 170 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Néa Mákri Néa Mákri 15 554
Marathónas Marathónas 7 170
Káto Soúli Marathónas 2 142
Ájos Pandelímoas Marathónas 1 591
Grammatikó Grammatikó 1 432
Varnávas Varnávas 1 326
Néos Voutzás Néa Mákri 1 116
Vranás Marathónas 1 082

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.