Kallithéa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kallithéa
Lokalt namn Καλλιθέα
Geografi
Stad Aten
Koordinatar 37°57′N 23°42′EKoordinatar: 37°57′N 23°42′E
Areal 4,749 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Sør-Aten
Hovudsete Kallithéa (100 641 innb.)
Demografi
Folketal 100 641 (2011[1])
Folketettleik 21 192 /km²

Kallithéa (gresk Καλλιθέα) er den åttande største kommunen i Hellas med vel 100 000 innbyggjarar og den fjerde største i storbyområdet til Aten i Attikí etter Aten sjølv, Pireus og Peristéri. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2]

Sentrum av Kallithéa (Davákisplassen) ligg 3 km sør for sentrum av Aten (Sýndagmaplassen) og 3 km nordaust for Pireus sentrum (Koráisplassen). Kallithéa strekkjer seg frå Filopáppou- og Sikelíaåsane i nord til Fálirobukta i sør. Frå aust til vest strekkjer han seg frå gata Syngroú i aust (ved grensa til Néa Smýrni og Paleó Fáliro) til elva Ilisós i vest (ved grensa til Távros og Moskháto).

Planane for opprettinga av Kallithéa vart offisielt lagt i desember 1884. Fleire øvingar i dei olympiske leikane både i 1896 og 2004 vart lagt til Kalithéa. Mellom desse to leikane voks byen mykje. I 1920-åra kom mange flyktningar til staden etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.

Kallithéa huser i dag to universitet (Kharokópio og Pándion), fleire kulturinstitusjonar og sportsklubbar. Innan fotball er Kallithéa FC mest kjend av desse.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]