Arga

Koordinatar: 42°17′47″N 1°47′06″W / 42.29639°N 1.78500°W / 42.29639; -1.78500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arga
elv
Bru (frå tidleg på 1000-talet) over Arga ved Puente La Reina
Land  Spania
Nedslagsfelt 2 759 km²
Renn gjennom Esteríbar
Lengd 145 km
Middelvassføring 59,76 /s
Kjelde Errodalen
Munning Aragón
Kart
Arga
43°01′54″N 1°28′01″W / 43.03157642323°N 1.467047851851°W / 43.03157642323; -1.467047851851
Nedslagsfeltet til Ebro med Arga markert i grønt.
Nedslagsfeltet til Ebro med Arga markert i grønt.
Nedslagsfeltet til Ebro med Arga markert i grønt.
Wikimedia Commons: Arga

Arga er ei elv i Navarra i Spania og ei av sideelvane til Aragón. Arga vart kalla Runa i antikken. Ho ligg nordaust i Spania og har ei lengd på 145 km. Nedslagsfeltet hennar er 2759 km². Elva spring ut nord i Errodalen og munnar ut i Rio Aragón nær Funes.

Elva er demd opp ved Euguireservoaret nær Esteríbar, ein liten landsby i Navarra. Dammen er hovudsakleg til for å tene området i og rundt Pamplona.

Vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

I den øvre delen av elva er ho hovudsakleg omgjeve av bøkeskog og i skogen veks blåbær, cornwall-lyng, halvgras og frytle. I tillegg finn ein andre tre som or, ask, lønn, hasseltre og trollhegg. Etter demninga veks det hovudsakleg eik og furu ved elva.

I den nedste delen finst òg skjørpil, og nedanfor Belascoáin går plantelivet over frå å vere typisk kantabrisk til å verte middelhavsk med svartpoppel og kvitpil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

42°17′47″N 1°47′06″W / 42.29639°N 1.78500°W / 42.29639; -1.78500