Or

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Or
Alnus incana rugosa leaves.jpg
Gråor, Alnus incana rugosa
Vitskapleg namn
Alnus
Utbreiing
Område: Eurasia og Amerika
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Angiospermae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Fagales
Familie: Betulaceae
Slekt: Alnus

Or eller older (Alnus) er ei slekt buskar og tre i bjørkefamilien. Ho omfattar rundt 30 artar. I Noreg veks to ulike typar, gråor (Alnus incana) og svartor (Alnus glutinosa).

Svartor, Alnus glutinosa

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Gråor er den vanlegaste arten i Noreg og veks over heile landet. Svartor veks langs kysten nord til Namdalen, men er ikkje vanleg i innlandet nord for Mjøsa. Felles for begge artane er at dei trivst i fuktig jord, og dei veks difor ofte langs elvar og bekker. Svartor toler dessutan kystklima godt.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til bruk i treforedlingsindustrien og som brensel, vart gråor sedd på som det beste trevirket for knott brukt i bilar under Den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Or
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.