Argya
Argya | |
Landsbyskrikjetrast, Argya striata | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Leiothrichidae |
Slekt: | Argya Lesson, 1831 |
Argya er ei biologisk slekt av sporvefuglar i lattertrastfamilien Leiothrichidae. Artane er spreidde over Afrika og Sør-Asia og er typisk ganske store langhala sporvefuglar som søkjer føde i støyande grupper. Medlemmer av denne slekta vart tidlegare plassert i slektene Turdoides og Garrulax, dei fleste i Turdoides.
Etter publiseringa av ein molekylær fylogenetisk studie i 2018, vart Turdoides delt og artar vart splitta ut til den gjenoppretta slekta Argya opphavleg oppretta av den franske naturforskaren René Lesson i 1831.[1] Seinare har arabarskrikjetrast, Argya squamiceps, blitt utpeika som typeart i slekta. Namnet Argya er frå det latinske argutus som betyr «støyande».[2]
- Artsliste
Slekt Argya i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4] Informasjon om utbreiing er etter Birdlife International[5]
Bilete | Art og utbreiing |
---|---|
Gråskrikjetrast, Argya malcolmi, Large Grey Babbler, (Sykes, 1832), (LC) India | |
Oskehovudlattertrast, Argya cinereifrons, Ashy-headed Laughingthrush, (Blyth, 1851), (VU) Sri Lanka | |
Smalnebbskrikjetrast, Argya longirostris, Slender-billed Babbler, (Moore, F, 1854), (VU) Bangladesh, Nepal, Nordaust-India og kanskje Myanmar | |
Gråpanneskrikjetrast, Argya subrufa, Rufous Babbler, (Jerdon, 1839), (LC) India | |
Oransjenebbskrikjetrast, Argya rufescens, Orange-billed Babbler, (Blyth, 1847), (LC) Sri Lanka | |
Landsbyskrikjetrast, Argya striata, Jungle Babbler, (Dumont, 1823), (LC) India | |
Gulnebbskrikjetrast, Argya affinis, Yellow-billed Babbler, (Jerdon, 1845), (LC) sørlege India og Sri Lanka | |
Umbraskrikjetrast, Argya rubiginosa, Rufous Chatterer, (Rüppell, 1845), (LC) Etiopia, Kenya, Somalia, Sudan, Tanzania og Uganda | |
Blåbrilleskrikjetrast, Argya aylmeri, Scaly Chatterer, Shelley, 1885, (LC) Etiopia, Kenya, Somalia og Tanzania | |
Sumerarskrikjetrast, Argya altirostris, Iraq Babbler, (Hartert, EJO, 1909), (LC) Irak og det sørvestlege Iran | |
Tamariskskrikjetrast, Argya huttoni, Afghan Babbler, (Blyth, 1847), søraust i Irak til sørvest i Pakistan | |
Krattskriketrast, Argya caudata, Common Babbler, (Dumont, 1823), (LC) Pakistan og India | |
Saharaskrikjetrast, Argya fulva, Fulvous Babbler, (Desfontaines, 1789), (LC) Algerie, Tsjad, Egypt, Eritrea, Etiopia, Libya, Mali, Mauritania, Marokko, Niger, Nigeria, Senegal, Sudan og Tunisia | |
Arabarskrikjetrast, Argya squamiceps, Arabian Babbler, (Cretzschmar, 1827), (LC) Dei sameinte arabiske emirata, Oman, Jemen og det vestlege Saudi-Arabia | |
Flodskrikjetrast, Argya earlei, Striated Babbler, (Blyth, 1844), (LC) Pakistan til Myanmar | |
Kvitstrupeskrikjetrast, Argya gularis, White-throated Babbler, (Blyth, 1855), (LC) Myanmar |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Argya» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2024
- ↑ Cibois, Alice; Gelang, Magnus; Alström, Per; Pasquet, Eric; Fjeldså, Jon; Ericson, Per G. P.; Olsson, Urban (2018). «Comprehensive phylogeny of the laughingthrushes and allies (Aves, Leiothrichidae) and a proposal for a revised taxonomy». Zoologica Scripta 47 (4): 428–440. doi:10.1111/zsc.12296.
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 55. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi : 10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 25. august 2024
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
- ↑ Birdlife International, Søk på Argya
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Argya hos NCBI
- (en) Kategori:Argya – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons