Aristarkhos frå Samos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aristarkhos frå Samos
Aristarchos von Samos (Denkmal).jpeg
Aristarkhos frå Samos, monument ved Aristotelesuniversitet i Thessaloniki
Fødd310-åra f.Kr.
Samos
Død230-åra f.Kr.
Områdeastronomi
Yrkematematikar, astronom, skribent

Aristarkhos frå Samos (fødd ca. 310 f.Kr., død ca. 230 f.Kr.) var ein gresk astronom og matematikar frå antikken.

Det vesle ein veit om Aristarkhos stammar verket til Arkimedes Sandrekninga. Aristarkhos studerte under Straton frå Lampsakos, ein elev av den peripateiske skulen til Aristoteles, truleg i Alexandria, der Straton var privatlærar for den seinare kongen Ptolemaios II Filadelfos.

Aristarkhos var ein av dei første greske astronomane som foreslo at planetane krinsar rundt sola, men autoriteten hans var ikkje stor nok til at han fekk gjennomslag for idéen, likevel nemnde Arkimedes han i Sandrekninga. Det skulle gå rundt 1 800 år før det heliosentriske verdsbiletet fekk støtte i Kopernikus-verket De revolutionibus orbium coelestium («Om rørsla til himmellekamane», 1543).

Aristarkhos slo fast at ved halvmåne dannar jorda, sola og månen ein rettvinkla trekant. Dette faktumet sette han i stand til å berekna storleikane til månen og sola med trigonometriske metodar, og å utvikla teoriane sine vidare. Ein av dei andre teoriane hans var at stjernene måtte vera uendeleg langt borte, då han ikkje observerte parallaksefeil.

Det einaste bevarte verket av Aristarkhos er Om storleikane og avstandane til sola og månen. I dette skriftet er det det geosentriske verdsbiletet utgangspunktet, men seinare filosofar, til dømes Arkimedes i Sandrekninga, har sitert Aristarkhos på at han i eit anna skrift la fram ein hypotese om den heliosentriske modellen.[1]

Eit krater på månen og asteroide nr 3999 har fått namn etter Aristarkhos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sheila Rabin (2015), «Nicolaus Copernicus, 2.1 Pre-Copernican Astronomy», i Edward N. Zalta, Stanford Encyclopedia of Philosophy, Fall 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]