Armata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
T-14 Armata stridsvogn.

Armata (russisk: Армата) er ei avansert våpenplattform utvikla i og for Russland. [1] Armata-plattforma er tenkt å fungera for stridsvogn, artilleri, luftvern og som ingeniørkøyretøy.[2]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Prototypar av tunge pansra køyretøy basert på Armata-plattforma vart presentert ved ei forsvarsutstilling i Nizjnij Tagil i september 2013.[3]

Den nye stridsvogna er under utvikling på Uralvagonzavod i Nizjnij Tagil. Dei første leveransane til det russiske forsvar fann stad i 2015 og masseproduksjon skal ha byrja seint i 2015 eller 2016.[4] T-14 Armata var sett til ein pris på 3 700 000 dollar.[5]

Design[endre | endre wikiteksten]

Generalløytnant Jurij Kovalenko har sagt at Armata skal nytta mange funksjonar som fanst i T-95-stridsvogna, som det berre vart produsert nokre få prototypar av. I stridsvognvarianten er ammunisjonsdelen skild frå besetninga. Den kan drivast av eit hybridsystem eller heilt elektrisk, og under særs låge (arktiske) temperaturar. Driftstryggleiken skal forbetrast og motoren vert kraftigare. Pansringa er kraftigare med automatladar og dessutan skal kanona forbetrast.[6] Stridsvognvarianten skal ha ein vernekapsel for besetninga. Den er bygd slik at den skulle kunna motstå eit direkte treff frå alle kjende noverande (2015) stridsvogner. Ein sjølvstyrande autonom versjon av plattforma er òg under utvikling, altså ein umanna fjernstyrd modell.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Armata Main Battle Tank». Henta 12. februar 2015. 
  2. «Armata Universal Vapenplattform». Henta 9. desember 2014. 
  3. New armoured vehicles based on Armata universal combat platform at Russian Expo Arms 2013 - Armyrecognition.com, January 6, 2013
  4. Russia to Start Producing New Main Battle Tank in 2016, RIA Novosti, November 20, 2013
  5. «Названа цена танка «Армата»». Popmech.ru (på russisk). 
  6. thomas.molén@svd.se, Thomas Molén |. «Putins nya supervapen bakslag för Nato | SvD». SvD.se (på svensk). 
  7. «Armata». Henta 9. desember 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]