Hopp til innhald

Nizjnij Tagil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nizjnij Tagil
Нижний Тагил
by
Industribyen Nizjnij Tagil
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Sverdlovsk oblast
Høgd 200 m
Areal 298 km²
Folketal 328 157 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1722
 •  Bystatus 1919
Postnummer 622000–622052
Retningsnummer (+7)3435
Bilnummer 66, 96
Kart
Nizjnij Tagil
57°55′00″N 59°58′00″E / 57.916666666667°N 59.966666666667°E / 57.916666666667; 59.966666666667
Wikimedia Commons: Nizhny Tagil

Nizjnij Tagil (russisk Ни́жний Таги́л) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland. Byen ligg ved elva Tagil, rundt 130 km nord for Jekaterinburg. Han har om lag 330 000 innbyggjarar.

Vakttårnet på Lisja-fjellet.
Foto: Michael V. Pelletier
Nizjnij Tagil

Historia til Nizjnij Tagil startar med opninga av Visokogorski jernmalmgruve i 1696. Førekomstane var usedvanleg rike og inkluderte årer av reint magnetisk jern. Det omkringliggande landskapet hadde alt som ein trengde for ein produktiv og effektiv gruve- og smelteverksemd, elvar til transport, skogar til brensel og eit passande klima.

Sjølve byen vart grunnlagt i oktober 1722, av busetnader oppretta i tilknyting til bygginga av Vijskij koparsmelteverk, eigd av Nikolaj Demidov. I løpet av dei neste tiåra utvikla byen seg til å verte eit av dei tidlege sentera for russisk industrialisering og han var ein viktig produsent av støypejern og stål. Det første russiske damplokomotivet vart bygd her i 1833.

Nizjnij Tagil strekkjer seg ut 22 km frå nord til sør og 21 km frå aust til vest. Byen er bygd rundt den utdøydde vulkanen Lisja og dette fjellet med eit vakttårn på toppen er eit symbol for byen. Den geologiske strukturen i området er svært kompleks og medverkar til den usedvanlege rikdomen på metall og mineral i byen. Det er funne førekomstar av i alt 63 grunnstoffden periodiske tabellen.

Ein stor del av landområdet innan bygrensene er dominert av dei mange forskjellige fabrikkane i denne industribyen. Elver og vatn utgjer ein tredjedel av arealet i byen. Klimaet i byen er temperert kontinentalt.

Næringsliv og transport

[endre | endre wikiteksten]

Nizjnij Tagil er eit av dei største industrisentera i Ural. Kraftkrevjande industri som metallurgi, maskinbygging, kjemisk industri og metallhandsaming er dominerande. Totalt finst det rundt 600 produksjonsbedrifter i Nizjnij Tagil. Av desse er:

  • Nizjnij Tagil Jern- og Stålfabrikk (Nizjnetagilskij Metalurgitsjeskij Kombinat, NTMK), som er eit leiande russisk stålselskap.
  • Uralvagonzavod (UVZ) som er velkjent i Russland som hovudprodusenten av moderne stridsvogner i landet. Modellane T-72, T-90, T-95 vert produsert i byen.

Vegar og jernbanar knyter byen til andre i alle retningar, med Jekaterinburg i sør, Serov i nord, Perm i vest og Alapajevsk og Verkhnjaja Salda i aust.

Salka lufthamn ligg 17 km nordaust for byen. Den var ein militærbase til 1994, men er no er omgjort til ei sivil lufthamn.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nizjnij Tagil