T-14 Armata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
T-14 i parade

T-14 Armata (russisk Т-14 «Армата») er ei stridsvogn basert på Armata universell våpenplattform. Det er den første serieproduserte (2015) neste generasjons stridsvogn, men ikkje alle testar er gjennomførte enno (2018). Når dette skjer, skal etter planen 2. motoriserte infanteridivisjon ta i bruk denne stridsvogna for vidare utprøving.

Design[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste nye funksjonen på denne stridsvogna er eit tårn uten soldatar som skal fjernstyrast av eit mannskap på tre som sit i ein panserkapsel framme i skroget på stridsvogna.

Væpning[endre | endre wikiteksten]

Hovudvåpenet er ei 125-mm kanon med nemninga 2A82-1M. Avfyringsenergien skal vere større enn den på Leopard 2 med Rheinmetall 120 mm kanon, og med forbedra presisjon og eldkraft med 10 skot per minutt.

Mobilitet[endre | endre wikiteksten]

T-14 drivs av ein ChTZ 12Н360 (A-85-3A) dieselmotor som produserar opp til 1 500 hk, med digital styring. Toppfart er 80-90 kilometer i timen og rekkevidda er omlag 500 kilometer.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Tårnet på T-14 med radar og stridskamera

Mannskapet på tre er verna av ein intern panserkapsel med over 900 mm RHA-ekvivalent panser. Både chassis og tårn skal utrustast med reaktivt panser (ERA) framme, på sidene og på toppen. Stridsvogna brukar eit integrert, digitalt styresystem som overvaker funksjon og tilstand hjå alle stridsvognmoduler, og i strid kan denne programvaren analysere truslar basert på utvendige sensorar og enten foreslå eller ta åtgjerder for å eliminera desse truslane. Dette er ein del av Afganit[1] (russisk: Афганит) aktivt vernesystem som inneheld ein radar i millimeterbølgeområdet (26,5–40 GHz) som oppdagar, oppsporar og registrerar innkomande panservernmissil, både kinetiske prosjektil og tandem-ladningar. Radren har ei rekkevidde på omlag 100 kilometer.[2]


Kommando og kontroll[endre | endre wikiteksten]

T-14 brukar kryptert samband som bind saman fleire stridsvoner med leiing og stab, og kan gi måldata til artilleri og tene til luftsorsvar og etterretning.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://nationalinterest.org/blog/the-buzz/surprise-russias-lethal-t-14-armata-tank-production-15480
  2. https://rg.ru/2015/02/02/tank.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]