Arna vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arna vidaregåande skule
MottoSaman for trivsel, tryggleik og kompetanse for framtida
SkuletypeVidaregåande skule
Grunnlagd1. august 2016
Region/fylkeVestland
KommuneBergen
AdresseVestlivegen 43
5260 INDRE ARNA
Garnesstølen 63
5264 GARNES
EigarHordaland fylkeskommune
RektorMarianne Rolland Løvskar
ElevarOm lag 300
Nettstadhttp://www.hordaland.no/nn-NO/skole/arnavgs/
Kart
Arna vidaregåande skule
60°26′33″N 5°27′37″E / 60.4425°N 5.4603°E / 60.4425; 5.4603

Arna vidaregåande skule er den einaste fylkeskommunale skulen i Arna bydel i Bergen, skipa 1. august 2016 ved samanslåing av Garnes vidaregåande skule og Arna vidaregåande skule. Skulen har tilbod om utdanningsprogramma helse- og sosialfag, bygg- og anleggsteknikk, medium og kommunikasjon, studiespesialisering, påbygging til generell studiekompetanse og toppidrett. Arna vidaregåande skule har frå hausten 2017 to avdelingar: Vestlivegen og Garnesstølen. Avdeling Tunesvegen vart lagt ned då skuleåret 2016/17 vart avslutta.

Undervisningstilbod[endre | endre wikiteksten]

Garnes vidaregåande skule har frå hausten 2014 tilbod i toppidrett i samarbeid med Arna-Bjørnar fotball og Bjørnar håndball. I 2016 vart det kjend at Garnes vidaregåande skule, no Arna vidaregåande skule, ville verte den fyrste norske skulen med e-sport på undervisningsplanen.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Avdelinga i Tunesvegen

Avdelinga i Tunesvegen vart skipa som ein privat handarbeidsskule i Ytre Arna i 1888 av Bertha Garnæs, då under namnet Bertha Garnæs' Haandgjerningsskole. Skulen flytta til Garnes i Indre Arna i 1890, og endra namn til Garnes Handarbeidsskule i 1930, Garnes Husflidskule i 1970 og Garnes vidaregåande skule 1. august 1988.[2] I 1976 fekk skulen òg ny skulebygning. Skulen har tradisjonelt undervist i husflid og estetiske fag, men hadde dei siste åra medium og kommunikasjon, studiespesialisering, påbygging til generell studiekompetanse og toppidrett.

Avdelinga på Garnesstølen, òg kjend som Arna gymnas

Avdelinga på Garnesstølen vart skipa som middelskule i 1935 og vart realskule i 1950. Frå 1965 var skulen gymnas, og i 2006 vart Arna gymnas slått saman med Garnes vidaregåande skule.

Før Garnes vidaregåande skule og Arna gymnas vart slått saman til Garnes vidaregåande skule 1. august 2006 føreslo Garnes vidaregåande skule at den nye skulen skulle få namnet Garnes vidaregåande skule etter staden skulen ligg på, eller Hambro vidaregåande skule etter Cristian Hambro som i 1887 starta Garnes Folkehøiskole på Garnes.[3] Arna gymnas ville at skulen skulle få namnet Arna vidaregåande skule, eit namn Arna yrkesskule tok i bruk i 2010.[3]

Avdelinga i Vestlivegen vart skipa som Statens Husindustriskole av Kyrkje- og kulturdepartementet i Ytre Arna i 1921. Seinare tok Landbruksdepartementet over skulen. I 1964 brann skulen ned, og Hordaland fylkeskommune overdrog tomten.[4] Fylkeskommunene skipa Arna yrkesskule på tomten i 1972. Skulen hadde òg ei avdeling på Dalekvam i Vaksdal.[5] I 2010 endra skulen namn til Arna vidaregåande skule. I 2016 vart Garnes vidaregåande skule slått saman med Arna vidaregåande skule, og det nye namnet er Arna vidaregåande skule.[6]

Frå hausten 2017 er det berre undervisning i dei to avdelingane Garnesstølen og Vestlivegen, medan avdelinga i Tunesvegen er lagt ned. Ein ny skule på Seimsmyrane i Indre Arna er planlagt ferdigbygd i 2027.[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dette skal bli Norges første videregående skole med e-sport på timeplanen». gamer.no. 8. januar 2016. Henta 8. januar 2016. 
  2. «Starta som privat jenteskule, feirar 125 årsjubileum». Hordaland fylkeskommune. 20. november 2013. Henta 18. oktober 2014. 
  3. 3,0 3,1 «Nytt namn på Arna gymnas og Garnes vidaregåande skule» (PDF). Hordaland fylkeskommune. 26. juni 2006. Henta 18. oktober 2014. 
  4. «Statens Husindustriskole». Bergen byleksikon. Henta 19. november 2016. 
  5. «Arna Yrkesskule». Bergen byleksikon. Henta 19. november 2016. 
  6. «Nye rektorar og nye skulesamanslåingar». Hordaland fylkeskommune. 18. august 2016. Henta 19. november 2016. 
  7. «Rullering av skulebruksplanen 2017-2030». Hordaland fylkeskommune. Henta 19. november 2016. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]