Indre Arna
Indre Arna | |||
tettstad | |||
Arnavågen med Øyrane Torg i Arna
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Areal | 4,44 km² | ||
Folketal | 9 753 (2017) | ||
Folketettleik | 2 197 / km² | ||
Postnummer | 5260 INDRE ARNA | ||
![]() Indre Arna | |||
Wikimedia Commons: Indre Arna | |||
Indre Arna er ein tettstad i Bergen kommune i Vestland. Staden ligg på Bergenshalvøya, inst i Arnavågen som er ein sidearm til Sørfjorden. E16 går gjennom staden, og Arna stasjon på Bergensbanen ligg i Indre Arna.
Indre Arna ligg i Arna bydel.
Samferdsle og næringsdrift[endre | endre wikiteksten]
Bergensbanen og bussterminalen gjer Indre Arna til eit knutepunkt. Store verksemder som Toro og Janusfabrikken driv her. Asko Vest arbeider opp eit stort område til eit bygg på 30.000 kvadratmeter i Arnadalen og kommunen planlegg ein større godsterminal i dalen for NSB.