Arne Beurling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Beurling
Arne Beurling Uppsala maj 2019.jpg
Fødd3. februar 1905
Göteborg
Død20. november 1986
Princeton
NasjonalitetSverige
Områdematematikk
Yrkematematikar, kryptograf, universitetslærar
InstitusjonarUppsala universitet
Alma materUppsala universitet
DoktorgradsrettleiarAnders Wiman
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Kungliga Fysiografiska Sällskapet i Lund
Finska Vetenskaps-Societeten

Arne Carl-August Beurling (3. februar 190520. november 1986) var ein svensk matematikar.

Beurling var professor i matematikk ved universitetet i Uppsala (1937-1954) og seinare ved Institute for Advanced Study i Princeton i USA. Han har særleg levert bidrag til harmonisk analyse og funksjonsteori.

Under andre verdskrigen, sommaren 1940, greidde Beurling å knekke tyskarane sin krypteringsmaskin Geheimschreiber. Tyskland brukte svenske teleleidningar for å kunne nå styrkane sine i Noreg med teleprintar. Det svenske forsvaret utnytta høvet og freista å lytte på hemmeleg trafikk. Gjennom prestasjonen til Beurling hadde svenske styresmakter førehandskunnskap om mange viktige hendingar under krigen:

  • operasjon Barbarossa, det tyske åtaket på Sovjetunionen.
  • «Tirpitz» som saman med kryssaren «Admiral Scheer» med fleire stridsfartøy passerte utanfor Söderarm.
  • at tyske SS-troppar reiste frå Noreg med båt for å gå i land ved Vasa.
  • at Tyskland ville spørje Sverige om å få sende soldatar med svensk jarnbane.

I juni 1942 mistenkte Tyskland at Sverige las meldingane mellom Noreg og Sverige, og trafikken vart endra eller opphøyrde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]