Arnie Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnie Robinson

Arnie Robinson 1972.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 7. april 1948
San Diego
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Clarence Earl Robinson, kjend som Arnie Robinson, (fødd 7. april 1948) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå San Diego i California som vart olympisk meister i lengdehopp i 1976, fire år etter han tok OL-bronsen i same øvinga.

Robinson sette personleg rekord i 1970-sesongen med eit hopp på 7,88 meter. Året etter forbetra han seg til 8,04 m og vann lengdetevlinga i dei panamerikanske leikane 1971 i Cali med 8,02 m som best. I OL-sesongen 1972 flytta Robinson sitt personbeste lengdehopp til 8,13 m i San Diego den 8. april og til 8,14 m den 13. mai. Under sommarleikane i München kneip han bronsemedaljen etter å ha landa på 8,03 meter, klart slått av landsmannen Randy Williams som vart olympisk meister og av vesttyske Hans Baumgartner.

Den 25. mai 1974 flytta Robinson den personlege rekorden sin til 8,30 m då han vann eit stemne i Modesto i California. I OL-finalen i lengdehopp 1976 i Montréal smelte Robinson i den fyrste omgangen til med sitt livs lengste hopp på 8,35 meter og vann ein suveren gullmedalje framom Randy Williams på sølvplassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]