Arnold J. Eikrem
Arnold J. Eikrem | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. april 1932 Trondheim |
Død |
11. februar 1996 (63 år) |
Yrke | sjakkspelar |
Arnold Johann Eikrem (1. april 1932–11. februar 1996), fødd i Trondheim, død i Oslo, var ein norsk sjakkspelar, sjakkorganisator, sjakkarrangør og frå 1969 internasjonal sjakkdommer (International Arbiter)[1]. Han er først og fremst kjend for alle sjakkturneringane han arrangerte på Gausdal Høifjellshotel, Gausdalturneringane i sjakk, i perioden 1970-1996, summert opp til 187 turneringar[2], men han arrangerte mange andre turneringar enn desse også, mellom anna junior-VM i sjakk i Skien i 1979.
Han var president i Norges Sjakkforbund i periodane 1957–59 og 1970–79[3].
Han var med å starte Sjakklubben "Jarl" i Trondheim i 1952[4]. Før dette var han medlem i Arbeidernes Sjakklubb, Trondheim.
Heider
[endre | endre wikiteksten]- Arnold J. Eikrem vart æresmedlem i Norges Sjakkforbund i 1979 [5].
- Han vart utnemnd til ÆresGausdøl i 1991 [6].
Det har vore arrangert fleire sjakkturneringar til hans minne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Arnold J. Eikrem 1.4.1932 - 11.2.1996 Jonathan Tisdall og Marianne Hagen (red.) Oslo: Norges Sjakkforbund (1996)
- Brekke, Øystein og Thor Geir Harestad (1997): Sjakkens Holmenkollen: Gausdalsjakk 1970-1996. Åmot: Norsk Sjakkforlag. ISBN 82-90779-01-1
- Brekke, Øystein (1989): Norges Sjakkforbund 75 år: 1914-1989 Oslo: Norges Sjakkforbund ISBN 82-991916-0-2