Arnt J. Einum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnt J. Einum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juli 1842
Horg
Død

25. mai 1915 (72 år)
Horg

Yrke politikar, bonde, lensmann
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Arnt Jonsson Einum (17. juli 184225. mai 1915) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Horg i Sør-Trøndelag. Han representerte Venstre.

Einum var son til ein gardbrukar. Han tok over farsgarden i 1876 og var i tillegg lensmann i Horg frå 1900. Frå 1882 til 1900 var han ordførar i Horg, eit tid var han medlem av amtsutvalet og han var med i amtsskulestyret. Forlikskommissær 1892-1909 og revisor for overformynderiet 1898-1909. Styreformann i den lokale sparebanken frå 1885

Einum representerte Søndre Trondhjems amtStortinget frå 1892 til -97. Han var heile tida medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1895-97 også av Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914