Arp 186

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Arp 186.

Arp 186 (ber òg nemningane NGC 1614, Mrk 0617 og II Zw 015) er eit galaksesystem samansett av to galaksar som har vorte slegne saman til éin. Systemet ligg rundt 200 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Floda. Det har eit sentrum som er lyssterkt i den optiske delen av det elektromagnetiske spekteret; lysstyrken nærmar seg eit kvasarnivå, men sentrumet viser ikkje direkte prov på at det er ein aktiv galakse. NGC 1614 har ein lengre tidevasshale som følgje av den tidlegare kollisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]