Kvasar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvasaren Markarian 205 (Mrk 205) (oppe til høgre) og den mykje nærare spiralgalaksen NGC 4319. Med ein avstand på rundt 1 milliard lysår frå jorda er Mrk 205 ein relativt nærliggjande kvasar. Spiralgalaksen NGC 4319 ligg til samanlikning rundt 80 millionar lysår unna jorda, men er ikkje ein kvasar.[1]

Kvasarar (frå QSRS, forkorting på engelsk for quasistellar radio source, 'kvasi-stellar radiokjelda') er den mest lyssterke kategorien av aktive galaksekjernar[2], og nokre av dei kan senda ut stråling tilsvarande 10 milliardar soler.[3] Kvasarar skyldast truleg at supermassive svarte hòl i galaksekjernane trekker til seg store mengder av materie i form av gass og stjerner.[3] Intens stråling blir frigjeven når denne materien fell ned i det svarte hòlet.[3]

Kvasarar er nokre av dei fjernaste objekta i universet og har difor høg raudforskyving.[4] Ein av dei næraste kvasarane er 3C 273, som med ein lysstyrke på 12,8 magnitude er synleg som ei stjerna i moderate amatørteleskop.[4] Med ein avstand på rundt to milliardar lysår er kvasaren det fjernaste objektet som kan observerast av amatørastronomar.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Odd Couple Widely Separated by Time and Space» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av dei to objekta Mrk 205 og NGC 4319.
  2. Teke frå artikkelen «quasar» s. 327-328 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  3. 3,0 3,1 3,2 «Quasar host galaxies» - sida om kvasarar på heimesida til Hubble.
  4. 4,0 4,1 4,2 Frå oppslagsordet «kvasar» Arkivert 2007-06-12 ved Wayback Machine. i ordlista på heimesida til Institutt for teoretisk astrofysikk.