Arp 193

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Arp 193. Båe tidevasshalane kan skimtast på dette biletet.

Arp 193, IC 883, UGC 8387, VV 821 eller I Zw 056 er ein irregulært forma galakse som ligg rundt 300 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Jakthundane. Arp 193 er ekstremt deformert og har to tidevasshalar, noko som tyder på at galaksen er eit resultat av to gassrike galaksar som har kollidert og blitt slegne saman til éin. Kollisjonen ser ut til å ha starta ein eksplosiv stjernedanning, noko som er indikert ved lyse stjernehopar i sentralregionen til galaksen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]