Jakthundane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jakthundane
Jakthundane
Latinsk namn Canes Venatici
Forkorting CVn
Genitivsform Canum Venaticorum
Symbologi Namngitt av Hevelius
Rektasensjon 13 h
Deklinasjon +40°
Areal 465 kvadratgrader
nr. 38 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne Cor Caroli (α CVn) (2,90. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −40°

Jakthundane (frå latin Canes venatici) er eit av dei 88 offisielle, moderne stjernebileta. Det er lite stjernebilete på den nordlege nattehimmelen og vart skapt av Johannes Hevelius på 1600-talet. Stjernebiletet er ofte avbilda i illustrasjonar som hundane til Bjørnepassaren, som ligg ved sidan av.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken vart stjernene i Jakthundane av Klaudios Ptolemaios plassert i stjernebiletet Den store bjørnen. I mellomalderen vart stjernene i Jakthundane assosiert med ein hund ved ei feilomsetjing. Stjernene var av Ptolemaios avbilda som ei klubbe. Då verket til Ptolemaios, Almagest, vart omsett frå gresk til arabisk, visste ikkje omsetjaren Johannitius det greske ordet og nytta i staden det arabiske ordet som likna mest, som då tydde «spydspissen med ein krok». Då den arabiske teksten vidare vart omsett til latinsk vart det arabiske ordet for «krok» mistolka som «hund».[1][2][3][4] I 1533 avbilda den tyske astronomen Peter Apian Den store bjørnen i lag med to hundar.[5][6]

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Jakthundane grensar til Den store bjørnen i nord og vest, Berenikes hår i sør og Bjørnepassaren i aust. Den tre bokstavar lange forkortinga for stjernebiletet, som har vore nytta av International Astronomical Union sidan 1922, er 'CVn'.[7] Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart fastsett av Eugène Delporte i 1930, og definert som eit polygon med 14 sider.[8] Stjernebiletet dekkjr 4,5 kvadratgrader og er det 38. største av dei 88 stjernebileta.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Canes Venatici som det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Jakthundane har ingen lyssterke stjerner, og α og β CVn er berre 3. og 4. storleiksklasse. Flamsteed katalogiserte 25 stjerner i stjernebiletet, og merka dei 1 til 25 Canum Venaticorum, men 1 viste seg å høyre til Den store bjørnen, 13 i Berenikes hår og 22 eksisterte ikkje.[9]

  • α CVn (Cor Caroli) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, namngjeven av sir Charles Scarborough til minne om Kong Karl I, den avsette kongen av Storbritannia.[10][11] I følgje ei segn var α CVn lysare enn vanleg under Restaurasjonen, då Karl II kom attende til England for å ta trona. Cor Caroli er ei vid dobbeltstjerne, der hovudstjerna har storleiksklasse 2,9 og den andre storleiksklasse 5,6. Hovudstjerna ligg 1,0 lysår frå jorda. Hovudstjerna har òg eit magnetfelt som varierer uvanleg mykje.[10]

Supertomrom[endre | endre wikiteksten]

Det enorme tomrommet, er eit ekstremt stort tomrom (ein del av universet med særs få galaksar), ligg i nærleiken av dette stjernebilete. Det er kanskje det største tomrommet som er oppdaga, litt større enn Eridanus supertomrom og 1200 gonger volumet av eit typisk, venta tomrom. Det vart oppdaga i 1988 under ei djupromsundersøking.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Messier 51, Malstraumgalaksen teken av Hubbleteleskopet.

Jakthundane har fem Messier-objekt, inkludert fire galaksar. Ein avdei meir kjende galaksane i Jakthundane er Malstraumgalaksen (M51, NGC 5194) og NGC 5195, ein liten spiralgalakse med stavar. Dette var den første galaksen som vart oppdag med ein spiralstruktur, og strukturen vart først observert av Lord Rosse i 1845.[10] Det er ein spiralgalakse 37 million lysår frå jorda. Han vert rekna som ein av dei vakraste galaksane som er synleg og har mange område med stjernedanning og stjernetåker i armane sine. Dette fargar dei rosa og blå, i kontrast til den eldre, gule kjernen. M51 har ein mindre følgjesvein, NGC 5195, som har særs få stjernedannande område og dermed ser gul ut. Han passerer bak M51 og kan vere årsaka til stjernedanninga i den større galaksen.[13]

Andre kjende spiralgalaksar i Jakthundane er Solsikkegalaksen (M63, NGC 5055), M94 (NGC 4736) og M106 (NGC 4258). M63, Solsikkegalaksen, har fått namn etter utsjånaden sin i store amatørteleskop. Han er ein spiralgalakse med ein integrert storleiksklasse på 9,0. M94 er ein liten spiralgalakse med ein tilnærma storleiksklasse på 8,0, kring 15 million lysår frå jorda.[10] NGC 4631 er ein stavspiralgalakse, som er ein av dei største og mestlyssterke galaksane ein ser frå sida på himmelen.[14]

M3 (NGC 5272) er ein kulehop 32 000 lysår frå jorda. Han er 18 minuttgrader i diameter og med storleiksklasse 6,3 er han lys nok til at ein kan sjå han med kikkert. Han er òg synleg for det nakne auga om himmelen er særleg mørk.[10]

M94, òg klassifisert som NGC 4736, er ein spiralgalakse 15 million lysår frå jorda. Han har særs tette spiralarmar og ein lys kjerne. Utkanten av galaksen er særs lyssterk i ultrafiolett på grunn av ein ring av nye stjerner kring kjernen, 7 000 lysår i diameter. Astronomane er ikkje sikre på kva som har skapt denne ringen med nye stjerner, men ein hypotese er at det kjem av sjokkbølgjer skapt av ein stav som er usynleg.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Allen, Richard Hinckley, Star Names: Their Lore and Meaning 
  • Apianus, Petrus (1533), Horoscopion generale 
  • Bečvář, Antonín (1951), Atlas Coeli II - Catalogue 1950.0, Czechoslovak Astronomical Society 
  • Hevelius, Johannes (1690), Firmamentum Soviescianum 
  • Kunitzsch, P. (1959), Arabische Sternnamen in Europa, Otto Harassowitz 
  • Kunitzsch, P. (1974), Der Almagest: Die Syntaxis Mathematica des Claudius Ptolemäus in arabisch-lateinischer Ūberlieferung, Otto Harassowitz 
  • Kunitzsch, P. (1990), Der Sternkatalog des Almagest Die arabisch-mittelalterliche Tradition: II Die lateinische Ūbersetzung Gerhards von Cremona, Otto Harassowitz 
  • Kunitzsch, P.; Smart, T. (2006), A Dictionary of Modern Star Names: A Short Guide to 2,4 Star Names and Their Derivations (2nd Revised utg.), Sky Publishing, ISBN 1-931559-44-9 
  • Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, Virginia: The McDonald & Woodward Publishing Company. ISBN 978-0-939923-78-6. 
  • Wilkins, Jamie; Dunn, Robert, 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe, Firefly Books, ISBN 9781554071753 
  1. Allen 1963, s. 105
  2. Kunitzsch 1959, s. 123–124
  3. Kunitzsch 1974, s. 227–228
  4. Kunitzsch 1990, s. 48–49
  5. Apianus 1533
  6. Allen 1963, s. 157
  7. Russell, Henry Norris (1922). «The New International Symbols for the Constellations». Popular Astronomy 30: 469–71. Bibcode 1922PA.....30..469R. 
  8. «Canes Venatici, Constellation Boundary». The Constellations (International Astronomical Union). 
  9. Wagman 2003, s. 366.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 Ridpath 2001, s. 96–97
  11. According to R. H. Allen (Star Names: Their Lore and Meaning)
  12. «RS CVn -- Variable of RS CVn type». SIMBAD. http://simbad3.u-strasbg.fr/sim-id.pl?protocol=html&Ident=RS+CVn. Henta 9 June 2012. 
  13. 13,0 13,1 Wilkins & Dunn 2006
  14. O'Meara, Stephen James: The Caldwell Objects, Sky Publishing Corporation ISBN 0-933346-97-2 page 126

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jakthundane


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 13h 00m 00s, +40° 00′ 00″