Arp 220

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Arp 220. Dei mange stjernehopane i galaksen kan sjåast som blå-kvite klumpar.
Eldre bilete òg teke av Hubble-teleskopet. Dette fokuserer på kjernen og dei mange stjernehopane der som kan sjåast som blå-kvite klumpar spreidde utover biletet.

Arp 220 (òg katalogisert IC 1127, VV 540, KPG 470 og UGC 09913) er ein irregulært forma galakse og restane etter to tidlegare galaksar som no har smelta saman. Han ligg rundt 250 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Slangen. Galaksen er den lysaste av dei tre galaksesamansmeltingsrestane som ligg nærast jorda.

Kollisjonen mellom dei to opphavlege galaksane starta for rundt 700 millionar år sidan og sette i gang eksplosiv stjernedanning som har resultert i omtrent 200 enorme stjernehopar i ein tettpakka og støvete region omtrent 5000 lysår på tvers (rundt 5 % av Mjølkevegen sin diameter). Mengda av gass i denne vesle regionen svarer til mengda av all gass i heile Mjølkevegen.

Arp 220 skin kraftigast i det infraraude og er ein ultralyssterk infraraud galakse. Kjernane til Arp 220 sine modergalaksar ligg no rundt 1200 lysår frå kvarandre. Chandra-teleskopet har påvist røntgenstråling frå begge kjernane, noko som indikerer at dei inneheld kvar sitt supermassive svarte hòl.

Den største stjernehopen i Arp 220 har ein masse på ti millionar solmassar og er soleis dobbelt so massiv som ein kva som helst liknande stjernehop i Mjølkevegen.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Super Star Clusters in Dust-Enshrouded Galaxy» - Hubble-pressemelding om oppdaginga av ekstrem stjernedanning i Arp 220.