Ars moriendi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For diktsamlinga av Georg Johannesen, sjå Ars Moriendi, eller De syv dødsmåter.
Illustrasjonen for åndeleg hovmod: djevlane viser fram gullkruner til den døyande, eit symbol på verdsleg hovmod, medan Kristus, Maria og Gud Fader ser på med misnøye.

Ars moriendi (latin for «kunsten å døy») var tittelen på eit vidgjete kristent, illustrert mellomalderverk frå 1400-talet som vart mykje lese i samtida. Verket kom ut 60 år i etterkant av den store pesta og skildra gode og vonde krefter i kamp om menneskesjela og korleis ein skulle få ein god død.

Den lange versjonen[endre | endre wikiteksten]

Det fanst opphavleg ein lang versjon av verket, Tractatum/ Speculum artis bene moriendi, skrive av ein dominikanarmunk i 1415, og ein kortversjon som fyrst dukka opp i Nederlanda rundt 1450. Den lengste versjonen vart omsett til dei fleste vesteuropeiske språka, og vart svært populær i England. Dessutan var Ars moriendi eitt av dei fyrste verka som vart trykt ved hjelp av trykkjekunsten, og det eksisterer difor i 300 eksemplar den dag i dag. Berre eitt av dei 300 eksemplara er illustrert.

Det fyrste kapitlet forklarer at det finst ei god side ved døden, og prøver å trøysta den døyande med at døden ikkje er noko å vera redd for. Andre kapitlet skildrar dei fem freistingane som plagar eit døyande menneske, og korleis ein kan unngå dei. Freistingane er mangel på tru, fortviling, utolmod, åndeleg hovmod og grådigheit. Tredje kapitlet listar opp dei sju spørsmåla ein skal stilla eit døyande menneske, saman med trøysta som er tilgjengeleg for han gjennom dei forsonande kreftene i Kristi kjærleik. Fjerde kapitlet uttrykkjer behovet for å imitera Kristi liv. Femte kapitlet er retta mot vener og familie og skildrar dei generelle reglane for oppførsle på dødsleiet. Sjette kapitlet tek med dei passande bønene ein skal be for den døyande.

Kortversjonen[endre | endre wikiteksten]

Kortversjonen, som kan sporast heilt tilbake til 1450, vart laga ved hjelp av blokktrykk og føregrip dermed dei blokktrykte bøkene som vart introduserte i Europa i 1460-åra. Kortversjonen er i stor grad basert på andre kapittel av Ars moriendi, men inneheld elleve utskorne illustrasjonar. Desse viser ein djevel som syner fram ein av dei fem freistingane på ei side, og ein engel som viser kva ein skal gjera for å motstå freistinga på hi sida. Det siste biletet viser mennesket som vert teke opp til himmelen, og djevlane som forvirra går ned att i helvetet. Kortversjonen var like populær som den lange, men han vart ikkje omsett til engelsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]